Tamrein i Fronsfjella

by | 3. okt 2014 | Jakt og fiske | 2 comments

Dei hadde ikkje anna att for strevet enn tap. Bilde: dyrevern.no

IVAR KLEIVEN: I 1840 eller deromkring vart det freista med å halde tamrein på Fron. Det var nokre som slo seg i lag og kjøpte ei drift av Rørosfinnane, men det gjekk ikkje rart med desse tiltaka, kva det nå kunne vera som var skulda. Ulven var stygg her i dalen denne tida, og han tok nok hardt på drifta, som ein kan tenkje seg, når han på ein somar reiv ihel ikkje mindre enn 17 naut på Sødorpkjølen.

Men så er det helst truleg at gjetinga ikkje dugde, for dei hadde ikkje finn til gjetar. Det var ein gamalvore frøning, n» Gamel Ola Larsstugun. og han var nok ikkje skikka til reinsgjetar. Reinslaget vart oppløyst. og dei hadde nok ikkje anna att for strevet enn tap.

Villrein var det noko av framover til 1870 og noko seinare. Hemdalshøa, Sikkilsdalshøa og Åkkerkampen har nå all sin dag vore av dei beste reinsvonom, og her slong det einkvan hopen langt fram i tida. Men nå ser det ut til å vera tomt i alle fjell.

2 Comments

  1. Lavrans Skuterud

    Dette var nytt for meg. På kva side av dalen var det dei freista rundt 1840? I Heimdalshøa, Sikkilsdalshøa og deromkring kan ein framleis treffe på rein frå Vågå tamrein AS

Submit a Comment