Tidobla og forynga medlemstal?

by | 6. jan 2019 | Informasjon | 0 comments

Nokre morosame tal frå året som gjekk

skjermbilde 2019-01-06 kl. 17.54.57Godt nytt år og takk for godt følgje i 2018! Her er litt fakta om denne heimesida og historielaget si fjesbokside for dykk som likar statistikk: I 2018 la vi ut 100 innlegg her på tilsaman 57 557 ord. Her er dei mest leste artiklane:

skjermbilde 2019-01-06 kl. 17.08.14

I 2017 var oppslutninga 94 810 klikk frå 43 847 vitjarar. Ho auka i 2018:

skjermbilde 2019-01-06 kl. 17.07.57

Her er antall klikk gjennomsnitt pr dag gjennom dei åra heimesida har vore i drift:

skjermbilde 2019-01-06 kl. 17.08.45

Kva for eit land loggar dei seg inn frå? Her er 18 på topp i 2018:

skjermbilde 2019-01-06 kl. 17.28.53

Og her er 18 på botn:

skjermbilde 2019-01-06 kl. 17.28.14

Korleis ser det ut på fjesboksida til Fron historielag? Det er interessant, for dei fleste som les artiklane på heimesida, kjem dit frå koblinga til Facebook.

skjermbilde 2019-01-06 kl. 17.33.58

Statistikken for heimesida seier ikkje noko om alder og kjønn, Det gjer derimot fjesboksida:

skjermbilde 2019-01-06 kl. 17.35.01

Av desse 3 180 er altså 55% kvinner og 44% menn. (Den siste prosenten får Facebook gjere rede for.)

Verd å merke seg: 15 av følgjarane er gutar og 7 er jenter under 17 år. 94 av følgjarane er menn under 24 år, 31 er kvinner i same alder.

Med andre ord: Historielaget når mange unge menneske – 147 under 24 år – på Facebook. Som så går vidare inn på heimesida. 

Den største gruppa, 16%, dvs 510, er kvinner mellom 45 og 54 år. Gruppa menn under 54, kvinner under 64 og kvinner over 65 er like store: 12%, dvs 382.

 

Så hvis alle som har glede av heimesida og fjesbok-sida, melder inn i Fron historielag, blir medlemstalet meir enn tidobla! Og truleg sterkt forynga?

 

 

0 Comments

Submit a Comment