Godt sal av vaskemaskinar i Heidal. Mykje molte ein stad mellom her og Røros. Ein tømmerhytte på Braskereidfoss før krigen vart til ein bil etter. Kystartilleristen som venta på Hitlers invasjon i England i 1940. I går kveld fekk 92 år gamle Thor Sæthersmoen årsmøtet i Fron historielag til å humre i lag då han fortalde levande og spennande frå eit langt og innhaldsrikt liv. Om det nå er leit å sjå alle dei fjelltoppane han ikkje kan gå opp på lenger? Nei, han har jo vore der. Vi kjem tilbake med meir stoff frå årsmøtet.
0 Comments