Torger Iverstugun i ord og tonar

Rasmus Stauri: Han var så mangt. Spelemann, innsamlar av folkemusikk frå Gudbrandsdalen, lyrikar, småbrukar, politikar, samfunnsbyggjar, ordkunstnar, bygdamenneske og meir til. Ein som brydde seg lite om bygdabøygen, men som gjekk sin eigen veg og arbeidde for det han trudde på fullt og heilt. Torger Iverstugun (1880-1974) frå Skåbu fekk eit langt liv, og han fylte det godt. Han gjorde rundt 120 komposisjonar og skreiv ned rundt 350 slåttar etter spelemenn i dølabygdene. Vi tør meine at han idealiserte seg fram til eit livsresultat. Nå blir dette livet dokumentert i bokform under tittelen «Ekko frå fjellet» – ein tittel henta frå tekstsamlinga han gav ut. Vi er fire i Mukampen spelmannslag som står bak dette arbeidet, Mari Eggen, Sjur Sande, Roger Slåstuen, Rasmus Stauri, den sistnemnde som redaktør. Aaslaug Eggens velskrivne prolog til 100-årsjubiléet i 1980 opnar boka, som er gjennomillustrert med sjeldne foto. Her er tekster av Mari Eggen, Ole Christian Risdal, Ola Rønningen, Reidar Skjelkvåle i tillegg til bidrag frå redaksjonen. Torill Aasegg har skrive ned 46 komposisjonar som følgjer utgivinga. Utgivar er Mukampen spel- og dansarlag. «Ekko frå fjellet» blir lansert på Skåbu fjellhotell fredag 14.mars med ein konsert attåt. Ver velkomen dit!

0 Comments

Submit a Comment