Kjøpte første metalldetektor i 1999
Tormod Bråten er ny leiar i Fron historielag. Her er ein reportasje tidlegare leiar Ole Chr. Risdal skreiv i 2015 – om alt Tormod har funne med detektoren sin:
OLE CHR. RISDAL: Tormod Bråten frå Vinstra har ein særs spennande hobby. Han reiser rundt med ein metalldetektor for å søkje etter fornminne. Sist helg fann han ei bøylespenne i bronse frå 500 e. Kr.
Heilt sidan barndomen har han drøymt om å kunne drive med slik skattejakt. I 1999 vart dette ein realitet da han kjøpte sin fyrste metalldetektor. I starten var han mest opptatt av å søkje etter krigsminne i Kvam. Der fann han bl.a. ei engelsk militærlue. Etter kvart melde han seg inn i Mjøsen metallsøkerforening, og arbeidet vart meir målretta og fekk eit meir profesjonelt preg. Bråten presiserer kor viktig det er å følgje bestemte retningsliner når ein driv på med dette. Lovverket er svært strengt i samband med utgravingar. Alle spor etter forfedrane våre bør handsamast med respekt og audmjukskap. Kulturminneloven frå 1905, som blei til Lov om kulturminner i 1978, slår fast korleis korleis kultur – og fornminne skal bevarast. Alle gjenstandar frå tida før 1537 (reformasjonen) og alle myntar frå før 1650 skal leverast inn til Riksantikvaren. Yngre gjenstandar enn dette kan ein behalde etter at det er registrert. Tormod har såleis ei rik samling med gamle myntar og diverse kulturminne. Bl.a. har han eit 12 mm prosjektil frå 1600-talet.
Her ser vi noko av det Tormod har funne framgjennom åra. Mellom anna ein del myntar frå 1600, 1700 og 1800-talet. Midt på biletet ser vi ein barnering som han fann på bruket Pina, som ligg like ved Fron bygdatun (Milsteinstugu). Pina var husmannsbruk under Nordgard Tokse. Folket der emigrerte til USA i 1867 og bruket vart nedlagt. Heilt til høgre ser vi det siste funnet hans, ei bøylespenne i bronse frå 500 e. Kr. Den var funne på den nedlagde garden Uppigard Tokse. Det er i hovudsak på Tokse-gardane han har svinga seg med detektoren. Foto: Ole Chr. Risdal
Ringspenne, truleg frå slutten av 1700- fyrst på 1800-t. Funne på Nordgard Tokse. Biletet er henta frå FB-sida til Tormod. Gå inn der og les meir om kva han har funne.
Vinterbrodd for hest frå ca. år 1000. Funne på Nordgard Tokse. Biletet er frå FB-sida til Bråten.
Utfordringar
Det er også ein sjølvsagt ting at ein avtaler med grunneigar før ein går i gang med søkinga. Førebels er det altså berre på grunnen til dei to Tokse-gardane han har søkt, og eigarane der har vore særs positive og ivrige. Like fullt er Tormod svært takksam og audmjuk overfor grunneigarane. Etter at ein har funne noko er det vanleg prosedyre at ein sender inn bilete til fylkesarkeologen. Generelt er det mange som vegrar seg for dette, fordi dei er redde for at dei må koste ei eventuell utgraving. Lovverket seier at viss det er gjort funn med ein metalldetektor, er grunneigar fritatt frå alle slike kostnader. Men dersom funnstaden er involvert i næringsverksemd, lyt grunneigar betale heile rekninga. Pga. av dette er det heilt sikkert mange som unnlet å rapportere om fornminne. Dette er svært beklageleg, meiner Bråten.
Til Danmark
No har Tormod reist til Danmark saman med kollegaer i metallsøkerforeninga. Her skal dei ta del ei større arkeologisk utgraving for å lære meir om korleis ein skal leite i fortida.
0 Comments