Triveleg kveld i Skåbu!

Ca. 40 personar møtte opp på markvandringa ved Olstappen måndag. Arkeolog Hildegunn Ruset guida dei frammøtte forbi elggraver, og orienterte om dei arkeologiske utgravingane, eit prosjekt som vart avslutta i fjor.

Orienteringa foregjekk like ved det området som kallast Samsgarden. Opprinneleg heitte nok dette området Sandsgarden og er omtalt i fleire diplom frå slutten av 1400-talet. Her var det verdfulle dyregraver som storgardane nærast slost om. Det var blant anna tvistar mellom Pål Alme og Jon Stål på Kjorstad om dette terrenget. Melby og Harildstad i Kvikne hadde også dyregraver der, og i 1491 låner dei desse bort til Bø i Ruste slik at dei skulle kome seg opp att etter ein gardsbrann. Folka på Bø hadde nok prøvd å slå seg eige på fangstsystemet, for i 1597 er det prosess om desse gravene, og Melby og Harildstad fekk attende rettane sine. Det er grunn til å tru at Sandsgarden var eit større område enn det som i dag blir kalla Samsgarden. Grunnen til denne namneendringa kjem truleg av at det var fleire gardar som hadde rettane sine her.

Etter orienteringa ved Olstappen, gjekk turen til Slangen Seter, der Anita Stebergløkken venta med nykokt kaffi og kjempegod kringle. Olaug Aas (Askheim) f. 1931 og ektemannen hadde køyrt eins ærend frå Ås i Akershus for å vere med på denne turen. Ho voks opp på den idylliske plassen Elvenes ved almenningssaga, ein plass som vart borte som følgje av reguleringa på 1950-talet. Olaug er dotter til den fyrste almenningsbestyraren i 1922, Ola Askheim. Under kaffien fortalde ho litt om livet på Elvenes. Etterpå fortalde Ole Chr. Risdal om historia til Slangen Seter, før turen gjekk nedover til Vinstra att. Det verka som alle var einige om at det hadde vore ein givande kveld!

Les meir om utgravingane her:

http://www.dalseter.no/arkeologi/

http://www.norark.no/prosjekter/vinstravassdraget/vinstravassdraget-rikt-pa-ressurser-gjennom-flere-tusen-ar/

http://www.randsfjordmuseene.no/kulturhistorie-steinalder-bronsealder-arkeologiske-utgravninger-av-boplasser/

Kjelde: Einar Hovdhaugen: Gardar og slekter i Fron, bind 2.

0 Comments

Submit a Comment