Triveleg og interessant bygdekveld i Kvikne

by | 25. aug 2022 | Informasjon | 0 comments

Det blei ei fin stund da Fron historielag arrangerte bygdekveld i Kvikne onsdag kveld. Det heile starta med at Kristian Ekre viste oss rundt i den nyrestaurerte kyrkja. Han delte av sin breie kunnskap og vi fekk god forståing av korleis restaureringa hadde foregått.

Triveleg stund på Borg

Deretter var det kaffi i kyrkjestugu. Det heile vart avslutta på Borg, som var Olav Aasmundstad sin heim i Kvikne. Dei 13 som møtte opp fekk høyre at Marit Håkenstad fortalde om Aasmundstad sitt innhaldsrike liv.

0 Comments

Submit a Comment