
Her orienterer Guri Skurdal Tofte (til venstre), Arve Skurdal (med stokk) og Øystein Losnegard (raud og svart jakke) utanfor den gamle smia til Jarleif Haugen. Guri hadde i det heile ei grundig orientering og det vart såleis reklamert skikkeleg for prosjektet.
Det blei ein triveleg og lærerik tur langs Skodalsåa i dag. Primus motor for prosjektet Skodalsåa kulturstig, Guri Skurdal Tofte og medspelar Øystein Losnegard, orienterte først om prosjektet ved Harpefoss Oppvekstsenter. Etterpå gjekk turen vidare oppover til ei smie frå 1800-talet og ei tørrstugu frå 1700-talet. Der venta Arve Skurdal med sin lokalhistoriske kunnskap. Han er eit levande leksikon som er gull verd i slike prosjekt. Han fortalde blant anna at denne staden var ein møteplass i gamle dagar. Her vart det hengt opp informasjon og nyheiter, ein slags datidas facebook. Så fortsette turen opp til Saga Landhandleri, heimplassen til Arve og Guri. Dei fortalde om verksemda på og rundt denne staden. Som namnet tilseier, var det både sagbruk og landhandleri her. På nabobruket Maurhaugen var det garveri og alt dette fortel om kor sjølvhjelpne og flinke dei var til å utnytte vasskrafta. Lenger opp fekk vi sjå tuftene etter eit gammalt kvernhus og vi fekk høyre om både vatningsanlegg og ei gammal stampe. Til slutt fekk vi servert kaffi og gode kaker i hagen til familien Skurdal. Snakk om triveleg og innhaldsrik søndagstur!

Saga Landhandleri. Her bur tre generasjonar Skurdal. I tillegg finn ein både naprapat, hudpleiar og healer i bygget. Her var det sagbruk frå 1914-1925 og landhandleri frå 1925-1997. Saga vart drive av straum frå eige kraftverk. Åa er rett til høgre for huset.

Etter markvandringa vart det servert kaffi og kaker ute i den flotte hagen til familien Skurdal. Som takk for ein interessant og triveleg dag får Guri Skurdal Tofte her overrakt blomster frå Fron Historielag, her representert ved Anders Nustad.
Les meir om kulturstigen her.
0 Comments