Ugift kvinne? Vanærande!

by | 5. feb 2015 | Biografiar | 0 comments

Dei sydde gymnastikkdraktene sjølv, desse jentene på folkehøgskulen i 1909 og marsjerte etter vegen til ungdomshuset i Kvam for fysisk fostring. Men gifta dei seg?

RAGNAR ØVRELID: Etter som husmoryrket stort sett var det einaste kvinnene kunne få, var det viktig å finne nokon å gifte seg med. Mange kvinner vart gåande ugifte livet ut. I det gamle bygdesamfunnet var dette både vanskeleg økonomisk og truleg vanærande sosialt.

Dei ugifte kvinnene hadde to utvegar. Dei kunne bli verande på garden, om det var plass til dei, eller dei kunne ta teneste hos andre, til høgt opp i alderdommen. Det kunne bli eit gledeslaust og fattigsleg liv på alle vis. Men dei hadde i alle fall maten.

Nokre få braut ut av dette mønstret. Vi ser eksempel på einslege kvinner som rydda seg jord og sette seg opp hus. Ut gjennom 1800-talet ser vi stadig fleire ugifte kvinner som prøver å livberge seg med husflid. Dei bur gjerne til leige hos husmannsfamiliar og driv med spinning, strikking og baking. I folketeljinga i 1865 finn vi mange kvinner som driv handverk, særleg skreddarar.

Kvinnene vart ikkje juridisk myndige før 1863, dvs dei kunne ikkje inngå økonomiske og andre avtalar. Ugifte kvinner og enker måtte få oppnemnt verje for seg og umyndig barn, til dei eventuelt gifta seg. Slik sa i alle fall lovene, sjølv om det slett ikkje vart så strengt praktisert alltid.

 

Frå Historia om Fron, bind 1

0 Comments

Submit a Comment