Underleg påskekaffi i Skåbubaklia

by | 6. apr 2023 | Biografiar | 0 comments

Ta ikkje med deg råkaffi til Skåbubaklia

RAGNHILD RINDHØLEN: Ei påskehelg kom det ein bykar rennande på ski nedover til Skåbubaklia. Han banka på ei dør og spurte om kjerringa der kunne selje han ein kopp kaffi. Nei, ho hadde ikkje noko kaffi å koke av, sa ho. Men det gjorde ikkje noko, sa bykaren, for han hadde med seg ein pose med kaffibønner sjølv.

Den tida var det vanleg å kjøpe ubrent kaffi, og dei måtte sjølv brenne kaffibønnene i ei steikjepanne før dei mol kaffien og kokte han. Bykroppen tok seg ein skitur imens, og så skulle ho koke kaffi til han kom attende.

Men da han kom, vart han forundra, for ho hadde aldri korkje sett eller smakt kaffi før, og visste slett ikkje korleis ho skulle gjere det. Ho hadde difor kokt råkaffien og gjort på jemning av byggmjøl. Ho auste opp i ein spillkum og gav bykaren ei skei. Men han likte ikkje serveringa.

 

I 1930-åra vart det samle inn skulestilar med ulike segner og forteljingar. Desse stilane ligg i dag i Folkeminnearkivet ved Universitetet i Oslo.

0 Comments

Submit a Comment