Utslitne soldatar i Skåbu

To engelske unggutar fekk dei siste havregryna

Ett år seinare var det soldatar som gjekk her på ski. Tre systrer, Gudrun, Aase og Olaug i februar 1939 på Elvenes.

OLAUG ASKHEIM AAS: Ein solskinnsdag uti april 1940 kom mange soldatar på ski over isen til Elvenes i Skåbu frå Espelandet. Dei hadde vore med i kampane ved Segalstabrua i Gausdal. Etter taper der tok dei skiene fatt nordover, for raskast muleg å koma til Kvam, der nye kampar venta. Soldatane, unge gutar, kom i kvite kamuflasjedrakter. Dei var så mange at det ikkje var plass til dei inne, og svoltne og tyste var dei. Sikkert utslitne òg.

Vi hadde baka flatbrød til sumarsbruk, ein høg stabel som låg i bua. Mor hadde rømme ståande til å kinne smør av. Flatbrødet og rømmen vart servert ute, og soldatane åt.

Eg ser flokken for meg enda, utpå jordet mot elva.

Eg veit at dei nådde fram til Kvam slik planen var, og var med på kampane der.

Seks år seinare, hausten 1946, var eg til opptaksprøve ved Eidsvoll offentlege landsgymnas. Ein lektor var sensor, og han kjende att etternamnet mitt. Etter eksaminasjonen fortalde han at han var i den skitroppen som fekk servering på Elvenes i aprildagane 1940.

Det kom fleire soldatar innom oss, og dei fekk mat så lenge vi hadde noko. Far var på butikken, men der òg tok lageret til å minke.

Ein morgon kokte mor havregraut. Det var noko av det likaste eg visste, men gleda vart stuttvarig, for det sat to engelske soldatar uti stova og venta på mat. Og dette var dei siste havregryna vi hadde i huset. Soldatane hadde komi på ski etter kampane i Kvam, nå ville dei vestover og attende til England.

Skal tru korleis det gjekk med dei. Dårleg skiteknikk da dei tok frå oss, stakkars unggutar.

Eg unte dei havregrauten.

Redigert utdrag frå artikkelen «Barndomsminne frå Elvenes i Skåbu» i Fronsbygdin 2018

0 Comments

Submit a Comment