
Vegkroa eller «Kroa» som vi berre kalla ho, opna i juli 1962. Det var A/S Veikroer som stod for bygginga av dei karakteristiske landemerka med den bratte takvinkelen . Mang ein bilturist har nok stana her for å ta seg ei pølse eller ein is, når dei for E-6 gjennom Gudbrandsdalen. Midt på 1970-tallet vart vegkroa betrakteleg utvida med eigen motelldel og stor festsal. Her gjekk vi mellom anna på «Bergs danseskule» og på laurdagskveldane var det trekkspelmusikk og svingom med «Gamaldansens venner». På slutten av 1980-talet vart vegkroa omgjord til matbutikk, fyrst kom Rimi inn, deretter Ica og til slutt Matkroken, som held på fram til 2015. Vegkroa vart rive i 2019 og erstatta med leilegheitsbygget «Solbakken», som for øvrig er namnet på bruket som låg der før vegkroa vart bygd.
![]()

0 Comments