
Da var årsmøte for 2025 gjennomført på Sør-Fron bibliotek, med nær 40 frammøtte. På grunn av dobbeltbooking for lagets sekretær, vart det endringar på det planlagde programmet, og årsmøtet starta difor med foredraget om Johan Sørensens sanatorie på Lauvåsen. Carl Henrik Grøndahl, som har skrive boka «Et Norge vi lengtet etter» tok oss gjennom Sørensens liv og jobben han gjorde med å byggje opp Tofte Høilids-Sanatorium og Lauvåsen Høifjelds-sanatorium. Vi fekk òg høyre historia om kva som skjedde etter Sørensens bortgang i 1918, da arvtakarane tok over, og korleis eigendommane har skifta eigarar og drivarar, fram til slik Lauvåsen står fram i dag. Carl Henrik vart òg takka av for jobben han har gjort med å bygge opp, drifte og utvikle heimsida for historielaget. Han starta opp med heimeside i det små i 2013, og fram til det som no har blitt ei lokalhistorisk nettavis, eller nærare sagt ein lokalhistorisk database for Fronsbygdene med over 1400 artiklar og ei mengde bilde.

Etter ei kaffipause, starta så det meir formelle årsmøtet opp. Sekretær Nils Christian Steig las årsmeldinga, og leiar Pål Skoe Kjorstad utdjupa nokre av tema i årsmeldinga. Kasserar Åge Jevne Hagestuen gjekk gjennom rekneskapen, og så var det duka for leiar av valkomiteen Linda Myromslien til å presentere deira arbeid. Av dei fire som var på val, var det berre Møyfrid Kalstadstuen som tok attval. Dei to veteranane Egil Myhre og Åge Jevne Hagestuen, med høvesvis 12 og 10 års fartstid i styret valte nå å gi seg. Det gjorde også Tormod Bråten, etter fire år i styret, men han fortset som dagleg redaktør av heimesida.
Det nye styret blir da etter valet:
Pål Skoe Kjorstad (leiar)
Roger Slåstuen
Møyfrid Kalstadstuen
Ragnhild Karen Wadahl
Nils Christian Steig
Morten Wangen (ny)
Anders Bakken (ny)
Anne Ragnhild Korsvold Saglien (ny)

![]()

0 Comments