Verda går vidare

by | 20. mar 2020 | Informasjon | 0 comments

Og Fron historielag har send ei lita helsing i posten

betal

Send gjerne ei helsing attende 🙂 Frå nettbanken din. Fron historielag er ein idealistisk organisasjon. Vil du bidra til at ho lever vidare?  Historielaget gjer ein viktig frivillig innsats for lokalsamfunnet, storsamfunnet og ufødde generasjonar. Med å ta vare på det som har vore: bygningar og reiskap som tidlegare generasjonar nytta, spor dei sette i naturen, lagnader dei levde, draumar dei drøymde, tankar dei tenkte og ikkje minst: dei minna som berre finst i hovudet på folk, og som må ned i skrift eller på videoopptak. Slik medverkar historielaget til at nye generasjonar kan vere i naudsynt og skapande dialog med fortida. Bli med på dugnaden. Støtt arbeidet. Og har du ikkje fått denne helsinga i posten, kan du bli medlem likefullt: Kr 200.- til konto 2095 32 92735 Fron historielag 2640 Vinstra. Oppgje epostadresse.

Med helsinga fekk du òg invitasjon til årsmøte torsdag 26. mars. Det går nok ikkje i denne smittetida. Årsmøtet er utsett til det igjen er mogeleg å vere saman i godt lag. Om ikkje så alt for lengje. Fram til da treff du laget her på denne heimesida.

0 Comments

Submit a Comment