Minneord om Ragnar Øvrelid

Ragnar Øvrelid 1928 – 2016. Foto: Rasmus Stauri
I boka Hundorp med undertittel Tusenårsstaden i Oppland (Samlaget, 2005) vart Ragnar Øvrelid invitert til å skrive ein lengre artikkel om «Hundorp, garden og bygda». Han svara med ein gong positivt på det spørsmålet. Han skriv:
Tillat meg først eit personleg minnne frå ei utferd i dei fjerne 1930-åra. Når vi vestlendingar for ein gongs skuld skulle på ein lengre familietur, vart det gjerne leigd drosje. Det kosta ikkje så mykje, og da var vi fri til å ta avstikkarar og til å sjå og oppleve det vi måtte ønske. Vi overnatta på Otta, og køyrde vidare søretter dalen neste dag. Det er to ting den daverande seksåringen framleis hugsar. Det er stasjonen med lukta og synet av toget for første gong, storlokomotivet Dovregubben. Og det er Hundorp, det staselege tunet, sett frå riksveg 50. Hundorp hadde eg høyrd om, og lese i Snorre om, og spela «Historisk frikort» om. Ikkje slik at Snorre var seksåringens kjæraste lesnad, som det gjerne heiter om store nordmenn, men far min stilte tydelege krav om at den historia skulle eg i det minste ha med meg, ved sida av Tarzan-bøkene. Her fekk eg – storøygd – sjå det eg trudde var garden til Dale-Gudbrand med gravhaugar, bautastein og alt. Lite visste eg om empirestilen frå 1800-talet, så her steig sjølve Norgeshistoria fram for meg, med kong Olavs rikssamling og kamp mot avgudar. Ingen, ikkje eingong Gro Steinsland, skal få ta frå meg den opplevinga.
Ragnar Øvrelid skreiv levande og friskt, det var som han tok lesaren i handa og leidde han fram mot det han ville fortelja.
Ragnar Øvrelid var mellom dei mest framståande lokalhistorikarane i Gudbrandsdalen. Han var nordfjordingen som kom til Gudbrandsdalen og Gudbrandsdal gymnas i 1971, sette bu på Vinstra og var i undervisning fram til 1995.
Les den personlege forteljinga hans om korleis ein nordfjording slo seg til i Gudbrandsdalen.
Mange elevar vil hugse den inspirerande, humoristiske og kunnskapsrike lektoren med historie hovudfag og norsk i fagkretsen. Det var i historiefaget hovudinteressa hans låg, og han kom med åra til å skrive fleire læreverk. Ragnar Øvrelid var faghistorikar med ei evne til å skrive godt, levande og interessant. Han skreiv eit formsikkert, friskt og klart språk fri for flosklar og tomme ord. I historisk framstilling la han vekt på dei lange linene og fekk fram dei karakteristiske detaljane, alltid støtta av målbare fakta. Dei lokalhistoriske verka hans vart banebrytande standardverk. Han skreiv lokalhistorie for Borgund og Giske før han kom til
Fron.
På oppdrag frå Fron historielag skreiv han Historia om Fron i to bind. Det fyrste handla om tida før 1940, og det andre om etterkrigstida. Bøkene kom i 1987 og 1991. Her kan du lese bind I og bind II digitalt på Nasjonalbiblioteket si heimeside
Historia om Peer Gynt-stemnet 1928-2003 gav han ut i 2003 og fleire arbeid kunne ha vore nemnd.
Ragnar var eit skrivande menneske og sine venners venn. Vi hugsar kronikkane hans i pressa. Mange tok vare på desse, da dei var fulle av lærdom, kunnskap og klokskap. Han følgde godt med i tida og sette emna sine i ein større samanheng, slik at lesaren fekk meir innsikt. Ragnar Øvrelid var ein rikt utrusta mann med ei skarp observasjonsevne, og han var god å prate med.
Han likte også å setja spørsmål på spissen om det trongst. Akvarellmåling kosa han seg med, og han var raus med å gi bort teikningar til vener og kjente, snill som han var. Han hadde ein god strek – i det heile eit godt blikk.
Ikkje minst var Ragnar ein ven av Norden og særleg Sverige, til Dalarna og bygdene rundt Siljan, dit han reiste fleire gonger.
Historielagsmiljøet i Gudbrandsdalen og på Fron har nå mista ein av dei beste. Han vil bli ofte sitert og vist til i framtida. Han fekk oss til å forstå meir av dei kreftene som styrer liva våre. Vi takkar for alt han gav og lyser fred over minnet hans.
Gudbrandsdal historielag/Dølaringen
Torveig Dahl
Fron historielag
Ellen Steberg
Redaksjonen i Fronsbygdin
Rasmus Stauri
0 Comments