Men skilsmål er det sjeldan vi finn i Fron før på 1900-talet

For barna kom jamt og trutt så lenge kvinnen var i stand til å få dei.
RAGNAR ØVRELID: I tiåret 1816-26 var kvinnene i Fron gjennomsnittleg 26-28 år når dei gifta seg. Dei dårlegast stilte var eldre. Dei frå gode gardar var yngre. Dei heilt unge brudene finn vi som regel berre hos dei kondisjonerte. To ting var avgjerande for dette: For å kunne stifte familie måtte ein ha jord, og det vart det stadig vanskelegare å få tak i. Seine giftarmål førte til at det fekk færre barn å fostre opp. For barna kom jamt og trutt så lenge kvinnen var i stand til å få dei. Eit tilfeldig eksempel:
Frå Listad i 1801. Ole, husbonden, var 40 år og enkemann. Han hadde fem barn, Kari 10 år, Marit 9 år, Rasmus 6 år, Anne 4 år og Ole 2 år. Kona Kari døde i 1899, da sonen Ole vart fødd, truleg i barselseng, som det så ofte heitere om døde kvinner.
Vi ser kor regelmessig kvinnene fødde, det var ca 2 års mellomrom mellom kvar fødsel. Noko form for prevensjon kjende dei sjølvsagt ikkje, bortsett frå dei mest usikre og primitive måtane. Derimot var det vanleg at mødrene gav barna bryst i både to og tre år for å hindre ny graviditet.
Likevel viser ei undersøking frå Rendalen, der dei har betre kjelder enn i Fron, tydelege nedgang i barnetalet etter 1780, med lenger opphald mellom fødslane. Særleg ser ein dette hos husmannsfamiliar, der dei tydeleg har drive meir medviten familieplanlegging.
Ettersom husmoryrket stort sett var det einaste kvinnene kunne få, var det viktig for ei kvinne å finne nokon å gifte seg med. Kvinnene var heller ikkje juridisk myndige, dvs dei kunne ikkje inngå økonomiske og andre avtaler, før i 1863. Til da måtte ugifte kvinner og enker få oppnemnt verje for seg sjølv og umyndige barn, til dei eventuelt gifte seg. Slik sa i alle fall lovene, sjølv om det slett ikkje vart så strengt praktisert alltid.
Skilsmål er det sjeldan vi finn i Fron før i vårt hundreår. I 1865 er det oppfør to skilde kvinner i Nord-Fron, to i Sør-Fron og ein skild mann i Sør-Fron. (I 1870-åra hadde heile landet 8 oppløyste ekteskap i året.)
Mange kvinner var enker. Fron hadde i 1801 209 enker og berre 64 enkemenn.
Mange kvinner vart gåande ugifte livet ut. I det gamle bygdesamfunnet var det vanskeleg både økonomisk og truleg vanærande sosialt. Iflg folketeljinga i 1801 var det i Fron 42 av 273 kvinner i alderen 45-55 framleis ugifte, det vil seie 15%. 215 kvinner i gifteferdig stand i Fron (over 20 år) gifta seg aldri. Tilsvarande tal for menn er 24 av 252, altså berre 9,5%. det var altså færre menn enn kvinner som gjekk ugifte gjennom livet.
15% einsleg vaksne kvinner er mykje i eit samfunn som berre har jord og familie som livsgrunnlag. Særleg når ein tenker på at mange av desse einslege kvinnene hadde barn, både eitt og fleire. I 1865 var tilstandane enda verre, særleg hadde talet på ugifte kvinner med barn stige.
Les hva Eilert Sundt fann av «løsaktighet og kvinnelig vanære i Kvam»
0 Comments
Trackbacks/Pingbacks