20 gilde år med Rasmus og Gard

Og ei gild utgåve av Fronsbygdin

Frå Rasmus Stauri sin artikkel om Janna Lien – ordkunstnaren frå uppi Nørdre Li`n.

Har du sikra deg Fronsbygdin 2023? Du rekk det framleis før jul. I Dølen har Tor Larsen mykje godt å seie om boka: «I årets Fronsbygdin får vi servert fleire historier om dei som blei sett på som rappkjefta og livsglade bygdeoriginalar, fortalt med snert og folkeleg innsyn. Artikkelen om dei fyste 20 åra av Vinstrarevyen, er også fornøyeleg lesing. Øystein Rudis forteljing om oppbygging og drift av Rudi gard, er solid lokalhistorisk dokumentasjon, Ein solid dokumentasjon på politiovervaking av ein kommunist borti Ruste, får vi også servert.»

Etter 20 år som redaktør og 20 år som redaksjonssekretær, vel Rasmus Stauri og Gard Espeland å takke for seg som ansvarlege for Fronsbygdin, skriv Tor Larsen. Men det «er vel eigentleg frøningane som skylder dei to karane ein stor takk. Utan deira pågangsmot og lokalhistoriske interesse, ingen årviss Fronsbygdin! Jau, det har vore 20 gilde år med Rasmus og Gard, og det var ei gild utgåve av Fronsbygdin 2023.»

I forordet påpeiker dei to at bygdebokredaksjonen må forholda seg til at vi lev i tette lokalsamfunn. Det krev varsemd og fornuft om konfliktar og skuggesider av livet kjem opp som tema mellom permane – målet er ikkje konflikt, men forståing. «Ein balansegang der dei to gjennom 20 år har stått støtt og stødig, skal det seiast.»

Vi seier også farvel til Odd Jan Skriubakken sin føljetong som starta opp i 2013, skriv Tor Larsen. «Husmannsplassane under Suleng, er siste «repp» frå baksida i Sør-Fron – som vanlig velskrive og informativ til siste punktum.»

Får du ikkje tak i Fronsbygdin i ein butikk, ta kontakt med Egil Myhre.

[email protected]
tlf.: 970 67 723

Han sender deg boka!

0 Comments

Submit a Comment