
La oss minnast gode gamle dagar med å helse på desse karane som frå venstre er Alf Pedersen, Svein Berg, stasjonsmeister Spidsberg (?) og Ivar Aker (bak). Dei to til høgre hugsar vi diverre ikkje namnet på. (Men det gjer kanskje lesarane?). (Foto lånt av Ivar Akers album)
PER OTTESEN i ein bildetekst: Hugsar du då NSB var ei servicebedrift? Dette er ein del av bemanninga på Vinstra stasjon fyrst på 1970-talet. Etter Håndbok for jernbanetjenestemenn skulle stasjonen vera betjent med stasjonsmeister, to telegrafistar og ein stasjonsbetjent frå klokka 6.59 om morgonen til klokka 2.10 på natta. Vi kunne levera reisegods, hente pakker, gå i luka og kjøpe billett, og vi møtte levande folk som kunne gi informasjon om reisa, informera om korrespondanse med buss- og båtruter og i det heile fortelja oss på norsk om reisa vår. Når det blir sagt at dagens datastyrde kvardag er eit framsteg, kjenner vi at vi heller har teke mange skritt attende og ingen skritt fram. Folk som dreg på åra, og som kanskje ikkje har datamaskin i huset eingong, er hjelpeslause offer for denne ”framgangen”. Du, som vi saknar den bemanna stasjonen. I dag har vi ikkje ein gong moglegheit til å kjøpe billett på Vinstra stasjon, for NSB har ikkje råd til å kjøpa inn ”printer” som kan skriva ut billetten.
Her er Vinstra stasjon gjennom åra med NSB:
Med kiosk:
Her kjem kongefamilien til påske:
Slik var kongens si vogn:
Hoffrøkner på veg til fjells:
Og her er stasjonskontoret:
Han på øverste bilde t høgre er vel Høglo ?