Utstilling med bilete og lyd på Ringebu prestegard

Iver Amundsen Storodden var både gardbrukar, skreddar og namnspurd spelmann. Med utgangspunkt i springleiken og leikane etter han har Rasmus Kjorstad og Kenneth Lien laga ei utstilling med bilete og lyd. Foto: Pål Kluften
Iver Storodden (1842-1924) frå Sorperoa i Nord-Fron var gardbrukar, skreddar og namnspurd spelemann i si tid, og til dans var springleikane dei gjevaste. Eit nytt utstillingsprosjekt blir presentert i Ringebu prestegard laurdag 28. september. Utstillingsopning kl 18, konsert kl 19. Med utgangspunkt i springleiken og leikane etter han har Rasmus Kjorstad og Kenneth Lien laga ei utstilling med bilete og lyd. Publikum kan få oppleve atmosfæriske scener frå liv og omgjevnadar i Gudbrandsdalen, med eit fokus på musikken og dansen frå bygdene her. Utstillinga vil formidle kjensler av tonene som har vore spelt i dalen i generasjonar, i tillegg gjev den eit bilete på folk si tilknytting til natur og miljø gjennom tidene. Utstillingen er i hovudsak oljemalerier, der motiva er ein leiken blanding mellom figurasjon og abstraksjon. Utstillinga er ope alle dagar frå 28. september til 13. oktober 11-16. I Fronsbygdin 2017 finn du ein særs interessant artikkel som Rasmus Kjorstad har skrive om Iver Storodden.
0 Comments