Ole Chr. Risdal: I desse dagar er det på sin plass å heidre dei som stod i bresjen for å skaffe straum til Fron. No snur dei seg sikkert i grava pga. politikarar som har klart å rote bort arvesølvet vårt.
Nord-Fron
I januar 1913 foreslo Ole Teige 1858-1931 på Hov i Ruste at herradsstyret (kommunestyret) skulle setje ned ein komité som skulle undersøkje om det var mogleg å etablere eit elektrisitetsverk i bygda. Ole Teige var ein svært ressurssterk og sentral mann. Han var ein av dei dyktigaste og største gardbrukarane i Fron, hadde vore stortingsmann og ordførar i Nord-Fron, hatt ei mengde offentlege verv og hadde ei enorm kontaktflate. Teige var også med i styret for Nordre Frons Sparebank, noko som skulle kome godt med i forhold til finansieringa av kraftutbygginga. Rett og slett ein av dei store pionerane.
Kommunen oppnemnde komiteen og Ole Teige blei den naturlege formannen. Med seg hadde han sterke menn som lensmann Halfdan Haanshus 1874-1963 og Ole Chr. Hvattum 1881-1918 på Lo. Den opprinnelege planen gjekk ut på å byggje ut eit kraftverk i Goloa. Teige gjekk optimistisk ut med dette, og fór rundt for å bearbeide bygdefolket. Han drog til Gausdal for å studere kraftverket der, og henta fagfolk til Vinstra som kom for å undersøkje moglegheitene. Det var ingeniørar, juristar og skjønsmenn og dei vart innlosjerte på Furuheim hotell. Men kommunen var avventande heilt til 1914. Da utvida Vinstra Bruk kraftproduksjonen sin med eit større aggregat.

Her i Loholet starta krafteventyret i Fron da Sigurd Kongsli (Nordgard) 1886-1968 på Bø i Ruste monterte ein generator til ein av turbinane sine i 1910. Foto frå 1950: Kaare Sparby. Anno Norsk skogmuseum
Vinstra Bruk
Lofossen hadde i fleire hundre år vore utnytta til kvernbruk og sagbruk. Denne elva hadde stabil og god vassføring. Det var gardane Uppisygard Bryn og Lo som hadde rettane til Lofossen. I 1870-åra blei kvern og sagbruk bygd ut til eit moderne storbruk. Gjøvik Dampsag og høvleri leigde og kjøpte rettane i fossen. Dei bygde frørenseri, sag og høvleri og dreiv bruket til 1890. Da kjøpte Ole Simensen Kongsli (Nordgard) 1844-1925 og Johan O. Taarud (Sandheim) f. 1853 Vinstra Bruk. Desse fekk med seg Ole Teige og danna eit driftsselskap. I 1909 hadde bruket ti vasshjul og turbinar på til saman 150 hk, noko som skulle utgjere eit godt utgangspunkt for det komande elektrisitetsverket.
Året etter monterte sonen til Ole S. Kongsli, Sigurd 1886-1968, ein liten generator til ein av turbinane, og denne skulle bli den fyrste i Fron. Hovudtanken bak dette var å gje nok energi til eiga sag og mølle. Men denne blei for svak og Sigurd Kongsli kjøpte ein større turbin i 1914. Dette skulle gjere susen. Det blei overskotskraft og det var dette som gav grunnlaget for Nord-Fron Elektricitetsverk. Stadig fleire blei kobla til dette og belastninga blei for stor. Derfor gjekk Kongsli inn ei avtale med elektrisitetsverket om å byggje ein kraftstasjon til. Denne kom i drift i 1922. Samtidig med at Vinstra Bruk monterte den nye generatoren, hadde allereie Kamsfoss-stasjonen i Skåbu starta. Frå 1921 fekk Kvikne og Skåbu og dei nedste grunneigarane ved Vinstra-elva kraft frå Kamsfossen. Lofossen kunne no produsere nok straum til Ruste, Sødorp og Kvam fram til 1933. Frå dette året sørga Kamsfossen for nesten all leveranse til Nord-Fron Elektrisitetsverk. Men Vinstra Bruk heldt fram med å levere kraft i samkøyring med Kamsfoss, heilt fram til Vinstra-anlegga kom i drift i 1953.
Nord-Fron Electrisitetsverk
A/S Nordre Frons Electrisitsverk vart stifta på «Gammelbanken» på Nordre Byre den 28. februar 1916. 33 personar teikna 57 aksjar. Dei fleste kom frå dei større gardane i Sødorp, Ruste og Kvikne. Jon T. Harildstad (Nigard) 1866-1942 var den største aksjonæren med i alt åtte aksjar. Kvar aksje kosta 500 kroner, slik at aksjekapitalen heilt i starten var på 28500 kroner. Generalforsamlinga valde ei styresamansetning med Ole Teige (formann), Jon T. Harildstad, Halfdan Haanshus og Ole P. Brandvold 1864-1930 (Nordgard Tokse). Kommunen var ikkje aksjonær, men den sat med rettar i delar av Golo-elva. På dette tidspunktet kunne det vere aktuelt med ein kraftstasjon der også. Elektrisitetsverket vart derfor bunde til å betale kommunen ei årleg avgift. Kommunen skulle også ha forkjøpsretten til aksjar som vart selt. På den måten fekk også kommunen moglegheit til å velje medlemar til styret. Det blei ordførar Johs. Krukhoug 1863-1943 og Hans Kjørum 1873-1941. I statuttane for selskapet stod det følgjande: «Nordre Frons Elektricitetsverk er et uansvarlig selskap, hvis formaal er anlæg og drift av ledningsnet for elektrisk energi inden Nordre Fron herred. Prisen på elektrisk strøm skal være ens for alle».
Organiseringa
Etter at avtalen om kraftlevering frå Vinstra Bruk var i orden, starta arbeidet med å byggje ut linjenettet og skaffe nødvendig utstyr. Det dreidde seg om stolpar, transformatorar, isolatorar, måleapparat, koparleidningar og sjølvsagt arbeidsfolk. Til å begynne gjekk det med 14 tonn med kopar. Totalprisen var kalkulert til 65000 kroner. I dag utgjer dette nesten 3 millionar kroner.
Det var særleg formannen, Ole Teige, og kasseraren, meieristyrar Jørgen Glosli 1890-1956, som stod for det meste av arbeidet. Ein del forarbeid var gjort før komiteen vart stifta. Dei hadde teke kontakt med ingeniør O. Borud på Lillehammer. Han var samtidig hyra inn for å planleggje elektrisitetsverket i Fåberg. Borud vart også ein viktig rådgjevar for komiteen i Nord-Fron. Det vart også inngått ei avtale med Fåberg om felles innkjøp av materiell.
Den store utfordringa var at dette var midt under den 1. verdskrigen, og Nord-Fron vart ein del av det internasjonale krigsspelet. England hadde truga med å beslagleggje skip som frakta kopar til Noreg, for å hindre norsk eksport av koparmalm til Tyskland. Samtidig steig prisane på kopar utover i krigen. Dette hadde elektrisitetskomiteen skjønt, og dei tok kontakt med det tyske firmaet Siemens- Schuckert om leveransar av materiell. Tyskland hadde i fleire år vore Noregs viktigaste leverandør av slikt utstyr. Siemens sende til og med ein ingeniør oppover til Vinstra, og dei kom med anbod på leidningar og transformatorar. Trass i eit brukbart tilbod blei aldri denne handelen noko av. Som nemnt så allierte komiteen seg med Fåberg Elekctrisitetsverk om innkjøp av materiell. Dei hadde ved hjelp av Forsvarsdepartementet fått godkjent eit koparkjøp frå USA, og Nord-Fron skulle få sin del av leveransen viss dei betalte Fåberg kommune med ein gong. Ole Teige fekk følgjande telegram: «Teige, Vinstra. Hold betalingen for kobberet disponibel om 2 dage. Borud». Teige kalla da saman styret i hui og hast, og fekk grønt ljos for å ta opp eit lån i Fron Sparebank på 35000 kroner. Det gjekk i orden, og Teige, Brandvold og Harildstad måtte personleg garantere for lånet. Pengane vart sendt og koparen var endeleg sikra. Som nemnt så sat både Ole Teige og fleire av styremedlemane også i styret for Nordre Frons Sparebank, og dette kom godt med når dei skulle ta opp fleire lån i samband med utbygginga.
Stolpereising
Det neste steget var å reise stolpane til linjenettet. Elektrisitetskomiteen hadde ordna med konsesjon i 1915 og fått linjene stukke ut. 200 stolpar vart levert frå Lillehammer Dampsag. Resten ordna styret og aksjonærane med. Både Jon Harildstad og Ole Brandvold bidrog med tømmer. Ole H. Solberg (Skar) 1874-1953 på Nedre Solbjør i Sødorp tok på seg å reise stolpane. Han fekk fullmakt til å skaffe alt utstyr og verkty sjølv på selskapet sin kostnad. Solberg fekk med seg arbeidsfolk og kom i gang med arbeidet 1. juni 1916. Allereie den 10. september hadde dei reist alle stolpane i Ruste og Sødorp. Året etter dette sette dei opp alle stolpane i Kvikne. Da hadde Ole og karane sett opp 221 høgspentmaster, 122 lågspentmaster, strekt 9575 meter med høgspentleidning og 4430 m lågspentleidning.
Kvam var ikkje med i biletet da elektrisitetsverket vart stifta. Men etter at Sigurd Kongsli kunne byggje eit kraftverk til i 1922, vart det bestemt å reise ei høgspentlinje til Kvam. Føresetnaden var at kvamværane heldt grunn, skaffa stolpar og sette dei opp sjølve. Vidare måtte dei garantere eit visst antal abonnentar og forplikte seg til å kjøpe aksjar. Etter at dette blei kjent, kom det store protestar frå Nordre Kvam, Sjoa, Sandbu og Bredebygden. Dei meinte at dette også måtte gjelde dei. Styret begrunna dette med at oppsitjarane i desse områda hadde nekta selskapet konsesjon, og at dei takka nei til kraft frå Eidefoss i 1917. Men selskapet snudd om og vedtok at linja skulle byggjast til Sandbumoen, og i 1925 var så å seie heile Nord-Fron forsynt med straum. Dette er sikkert noko sjoaværane angrar bittert på i dag. Da Noreg vart inndelt i straumregionar, hamna Eidefoss i region Midt-Norge, medan Fron blei med i region Sørøst-Norge. Som vi erfarer i desse dagar, så har region Midt-Norge betydeleg lågare straumprisar enn Sørøst!
Sør-Fron
Her vart det sett ned ein elektrisitetskomité i 1914 med Anton M. Skurdal 1882-1957 som formann. Bakgrunnen var at bonden på garden Ulberg, Knut Ulberg 1886-1966, hadde bygt eit lite kraftverk i Ulbergåa, og skulle såleis bli den fyrste som fekk lys i lampene på Sør-Fron. Anlegget kunne også forsyne nabogardane med straum. Seinare bygde både gardane Isum og Svelle eigne kraftverk som også kunne forsyne dei nærmaste husstandane. I 1920 fekk ungdomshuset i Lia lagt inn straum, og da vart det stor lysfest. Same året installerte også Frya Mølle eit kraftaggregat.
Dette hadde nok inspirert komiteen og i 1918 hadde dei planar om å byggje ut Harpefossen. Ole Teige skulle ha ein finger med i spelet her også. Han og den seinare statsministeren, Gunnar Knudsen, hadde kjøpt opp det meste av fossen rundt 1900. Planen var å selje rettane til Staten med tanke på kraftstasjon til jernbanen, når den ein gong i framtida skulle over frå damp til elektrisitet. Men kommunen visste at dette kom til å bli dyrt. Einaste moglegheita var å inngå eit samarbeid med nabokommunane, men da dei såg at både Nord-Fron og Ringebu hadde andre planar, måtte dei skrinleggje tanken om å byggje ut Harpefossen i fyrste omgang. Neste skritt var å prøve å sikre seg kraft frå Kamsfossen i Skåbu. Men på det tidspunktet var tanken at Kamsfossen i hovudsak skulle sørge for gratiskraft til dei som hadde gitt frå seg elveretten. I 1925 fekk Sør-Fron tilbod om å leige straum frå Moksa Kraftanlegg, men denne blei også for dyr. Kraftproblemet skulle ikkje løyse seg før i 1933. Da hadde kommunen endeleg fått eit avtaleforslag frå Hamar, Vang og Furnes kommunale kraftselskap om levering av straum frå Kamsfossen. Da slo kommunen til, og på slutten av året 1934 var det ljos i nesten alle hus på Sør-Fron. Det var linjeformann Ole Bakstad 1878-1960 som stod for utbygginga av nettet her.
Desse kraftkarane sørga for at elektrisiteten kom til Fron. Dei var svært opptekne av at vi skulle ta vare på ressursane våre og sørge for at innbyggjarane og næringslivet skulle få straum til vettuge og like prisar. Derfor kan ein sjå på det som ein hån mot desse da krafta vår blei lagt ut på den europeiske kraftbørsen, landet vart delt inn i fem straumregionar med ulik pris, og ein mista kontrollen over arvesølvet vårt. Staten tener riktignok milliardar på dette, men det kjem tydelegvis ikkje innbyggjarane til gode!
Kjelder:
Øvrelid, Ragnar 1991. MGE 75 år.
Sletten Kolloen, Ingar, Ringen, Asbjørn, Sveen, Håkon 2016. Kraft, spenning og utvikling. Gudbrandsdal energi gjennom 100 år.
Slekt og data. Slekt og Data | Norges største organisasjon for slektsforskere
0 Comments