
Ragnar Kolås var aktiv i Vinstra ungdomslag da andre verdskrig braut ut. Han og dei fleste andre medlemmane melde seg ut da nazistane tok over styringa av laget, men etter krigen var Ragnar ein av dei fyrste som tok pennen fatt og skreiv i lagsavisa «Fram». Dette diktet skreiv han i lagsavisa hausten 1945.
Dikt frå februar 1942
Ungdom gjer no ikkje skam
på vårt kjære fedreland.
Stå rak og fri og sterk,
reis opp att vårt fridomsverk.
Undertrykt og underlagt,
til det er ikkje nordmenn skapt.
Undertrykt og underlagt,
norske ungdom reis deg att!
Reis opp att fridoms skapermakt,
som er i nordmannshanda lagt!
Fridom er det gode ord,
fridom er det beste på jord.
Reis deg for vårt fedreland
reis deg, gjer det beste du kan!
Kjemp, men kjemp då som ein mann,
det gjeld folk, det gjeld land.
Det gjeld norske mann og kvinna,
det gjeld barn, og vi må vinna!
Vegen blir nok tung å gå,
men til fridom skal vi nå.
Flagget på topp skal blafra fritt,
lysa mot oss som mitt og ditt.
Fritt for skam og foræderi,
skal då Noreg alltid bli.
Ragnar Kolås
![]()

0 Comments