Ole Chr. Risdal: I årets Fronsbygdin blei fjorårets artikkel om butikkane i Skåbu retta opp fordi det var nokre bilete med for dårleg oppløysing. Men no hadde det snike seg inn ein annan feil. Bildeteksta til Bakkerud var også plassert under Fjellstad (Hoel). Her kjem den riktige teksta + litt til.

Ole Kristiansen Åtjernholen (1880-1952) frå Løten kom til Skåbu og gifta seg med Mathea Christiansdotter Heide (1884-1962). Mathea var dotter til handelsmannen Christian Heide, som det tidlegare er skrive om. Ole og Mathea fekk overdratt ei hamnelykkje som tilhøyrde Bakkerud, og her bygde dei opp eit lite bruk som dei kalla Fjellstad. Ole forkorta etternamnet sitt til Hoel, og kalla seg heretter Ole Chr. Hoel. Bygningen sette dei opp med tanke på både butikk og pensjonatdrift, men dette vart aldri drive samtidig. Bygningen var ferdig i 1911, og dei sette straks i gang handel under namnet O. Chr. Hoel. Pensjonatet vart ikkje opna før i 1938. Da hadde dei akkurat avvikla butikken. Pensjonatverksemda heldt på til 1965. Her var det fyrste doktorkontoret i Skåbu etter at ordninga med faste doktordagar kom i gang i 1913. Ole og Mathea fekk til saman 12 barn som voks opp her: Thora Karla 1906, Jenny 1908, Johan 1909, Olga 1911, Torleif 1912, Margit 1913, Olav 1914, Sigurd 1915, Marie 1917, Timann 1919, Signe 1920 og Dagny 1921. Han var ein habil skyttar og hadde fleire kommunale verv.
Litt meir om folka her:
Eigar 1973-2004: Ole Petter Hoel 1944-2004 – son til Johan Hoel 1909-76 og Karen M. Slåen 1909-84 – g 1972 m Bjørg M. Sletten 1953 – dotter til Harald Sletten, Sel 1920 og Gudrun Hølmyren 1932. Barn: 1) Tom Erik 1972 sbm Ellen Rønshaugen: Erika 2010. 2) Ann Kristin 1974. – Ole Petter jobba på Krogenæs møbelfabrikk og Bjørg var reinhaldar. Ole Petter tok over i 1973 etter faren.
Eigarar frå 2004: Ann Kristin og Øyvind Skuterud. Barn: Mari 2001, Torje 2004, Ellef 2011. Ann Kristin er sosionom og Øyvind er handverkar. Dei bur på Vinstra. Bjørg bur på bruket.
Det siste er henta frå sida «Skåbu i utvida Norske Gardsbruk». Skåbu i utvida Norske Gardsbruk – Fron Historielag

0 Comments