Hardangersaum på Sygard Dalseg
Dette er eit bilete av ungane på Sygard Dalseg kring 1909.
Bak: Lisa (Stokke) f. 1894, Tea (Rolstad) f. 1896 og Marit (Tårud) f. 1891.
Fremst: Lodver Dalseg f. 1901 og Agnes (Bjørke) f. 1899.

Tea Johanne Myrstad: I «Fronsbygdin 2026» står det ein interessant artikkel om Eline Siljuberg, av Erik Bakken. Mor fortalde at ho budde litt på Dalseg og lærde jentene å brodere hardangersaum. Mor var da 10 år, og ho har brodert hardangersaumen både på skjorta og forkle på bilete! Mor fortalde at Lodver var fornærma for at han ikkje fekk bunad. Dei var så fine at fotograf nok kom åt Dalseg og fotograferte dei.

Du kan lese meir om Eline Siljuberg i Erik Bakkens artikkel i Fronsbygdin 2026. Du får kjøpt boka hos Norli, Vinstra eller ved å kontakte Roger Slåstuen: Tlf:  902 34 188, e-post: [email protected].

Loading

0 Comments

Submit a Comment