
Kvam Historiske Forening og Heidal historielag heidra eidsvollmannen Paul Harildstad i Søre Åmodt på Sjoa. Bilde frå FB-sida til Kvam Historiske Forening.
CARL HENRIK GRØNDAHL: Dei fekk rikt med godord i dag, eidsvollsmennene. Vel og bra. Men kvifor tillet vi oss å gjøyme at i månadene som fulgte etter 17. mai 1814, blødde og døydde mange unge norske menn for at grunnlova skulle overleve? Og mange av dei var frå Fron. Kvifor får ikkje dei eit einaste godord ved eit slikt jubileum? Kvifor vil vi ikkje minnast at sjeldan har krigsviljen vore så sterk i landet som i 1814?
Eidsvollsmennene var nokså unge og ganske modige der dei tenkte fram ei norsk grunnlov mot alle odds. Dei gjorde det medan Europa var i krig. Noreg var ikkje eit nasjon, berre ein landsdel av Danmark. Vi sulta, var fattige og utarma. I dei 800 åra som var gått etter Heilag Olav skipa til den norske staten i 1020-åra, hadde norsk sjølvstende vore unnataket.
Desse karane på Eidsvoll vona at Napoleonskrigane skulle snu opp-ned på verda så mykje at den danske landsdelen Noreg kunne lage seg ei demokratisk grunnlov og liste seg fram på verdsscena som eit fritt land. Draumarar var dei.
Dei fekk til ei grunnlov på Eidsvoll, desse karane, men ikkje sjølvstende. Storbritannia gjekk ikkje med på det. Noreg vart gitt til svenskane – mellom anna som ei slags trøyst for at stormaktene tok Finland frå dei. Nesten 100 år skulle det ennå gå, før vi vart ein fri nasjon i 1905.
I dag prøvde alle bygdelag prøver å grave fram ein eidsvollsmann dei kunne hylle og slik få ekstra meining i dagen. Vel fortent. Dei gjorde ein framifrå jobb, desse eidsvollskarane, men dei levde nå i grunnen eit ganske godt liv på Eidsvoll. Dei måtte riktignok drikke mykje sur raudvin, men dei åt opp alle kalvane i distriktet og sette barn på tenestejenter.
Det vart ikkje så mykje raudvin og kalvar på dei norske soldatane i krigen som fulgte. Dei dei fekk, var skit og møkk, blod, sår og død. Dei ofra helse og liv for å få svensken til forstå at han ikkje berre kunne valse inn over Noreg og mose den nye grunnlova. Dei vart merkte av krig – av sott og sjukdom, svolt og vanstell. Nokre av dei vart gravlagde ved svenskegrensa, somme kom heim som krøplingar, somme fekk ein knekk på helsa og vart ikkje den dei kunne ha vorte. Og folket gløymde kva dei hadde ofra.
Mens vi har teke godt vare på eidsvollsmennene og reist allskens minnesteiner over dei, har dei fleste av desse soldatane sokke ned i historia og vorte borte for oss. Kvifor har vi ikkje tatt vare på minnet om frøningar som mista livet – da dei slost mot svenskane med krutt og bajonettar – for at denne skjøre skapninga – Grunnlova – ikkje skulle bli kvalt i fødselen?
Kanskje fordi krigen ikkje vart så ærerik. Nordmennene vann berre nokre få slag og vart drive stadig vestover mot Glomma av dei erfarne soldatane til den svenske kronprinsen Karl Johan – som eigentleg heitte Jean Baptiste Bernadotte og hadde vore ein av Napoleons generalar. Fordi svenskekongen ikkje hadde arvingar, tok dei inn denne franskmannen som kronprins.
Noreg tapte den krigen soldatane Fron var med i. Dei kom heim som taparar, og slike gløymer vi helst.
Men fordi dei slost, og fordi dei var villige til å døy, måtte Karl Johan tenkje seg om. Han skjøna at det kunne bli blodig å invadere Noreg. Han skjøna at han i så fall ville gjere nordmennene – som han nå skulle vera konge over – til fiender. Fordi desse soldatane frå Fron var med og skaut og blødde i lort og søle, måtte Karl Johan ta meir omsyn til den nye norske grunnlova enn han hadde tenkt seg. Noreg fekk ei friare stilling i unionen med Sverige enn vi hadde hatt med Danmark. Og dermed kom vi lettare ut av unionen i 1905.
Vi veit lite om desse karane. Ivar Kleiven tok vare på det vesle som var att av minnet om dei vel 100 år seinare, da han skreiv boka Fronsbygdin i 1930. Der møter du nokre av dei som verkeleg fortener vår takk.
0 Comments