Sankt Olav og ormen

by | 21. mai 2014 | Biografiar, Folketru | 0 comments

Bilde frå helsenorge.no

IVAR KLEIVEN: Da Sankt Olav kristna dalen og kom til Fron etter slaget på Breden, fór han på vestsida gjennom Ruste og heldt rast på Bø. Somme seier det var på Lomoen. Kongen og mannskapet kvilte og åt under bar himmel, og mens dei reidde opp maten, kom det rennande ein orm mot Olav. Han sette ormen og forbaud han etter den dag å «vise seg mellom Jolun og Golun, mellom Hågåhaugen og Laugen». Og sidan har det ikkje vore sett orm i desse stroka på vestsida av Laugen.

Medan Sankt Olav var her i Ruste den gongen, skulle han pålegge Rustværane å bygge kyrkje på Bø, og ho vart oppsett der óg og sto til pålag 1600. Døypefonten er ennå på Bø, men det var ein gong, etter at Bøkyrkja var nedlagd, at fonten skulle flyttast oppi Kviknekyrkja og bli brukt der. Det gjekk radt å kjøre han like til dei kom til Bjønnsteinen på høgste Helgefell. Da sto det ikkje til å få hestein ein fot lenger. Og så laut dei kjøre døypefonten attende til Bø.

0 Comments

Submit a Comment