Til uti 1950-åra tømte folk framleis avfallet sitt som det høvdeRAGNAR ØVRELID: Frå 1917 hadde alle på Vinstra straum, men vatn var det verre med. Somme hadde eigne brunnar, men i 1945 vaska mange vinstrakvinner framleis klede i kjeler som dei hadde ståande nede ved Lågen, og dei og barna henta vatn til husa derifrå. I 1950 vart det private Vinstra vassverk skipa. Vassverket tok vatn direkte frå Lågen nord for det nåverande legesentret, klora det og pumpa det til eit fordelingsbasseng oppe i lia. Vatnet fekk snart ein tvilsam kvalitet. Folk i bygdebyen var jamnleg plaga av farangar kvar vår. I 1973 bora vassverket og kommunen etter grunnvatn på vestsida av Lågen. Dei fann godt vatn, og nytt pumpeverk kom i drift i 1976. I 1981 overtok kommunen Vinstra vassverk. Somme hadde fått utslagsvask i huset før 1945. Men berre få hadde WC og bad. Så kloakkproblemet var ikkje så stort dei første åra etter krigen. Spillvatnet gjekk i grunnen eller i septiktank. Men da det vart meir avfall, kom vassverket og kommunene til hjelp med kloakkledningar, som rann rett ut i Lågen. Det var Mjøsaksjonen i åra 1976-1983 som tvinga fram det nye kloakkanlegget.
Til uti 1950-åra tømte folk framleis avfallet sitt som det høvde. Det meste gjekk rett i elva. I 1959 fekk Vinstra Vel i stand ei frivillig ordning om søppelkjøring. Husstandane skaffa seg søppeldunkar, og Harald Wahlquist køyrde avfallet til Lomoen.
Til 1960 gjekk all trafikk i den støvete og tronge Nedrebata. I 1953 hadde Nord-Fron heradstyre vedtatt (med 13 mot 7 stemmer) å gå inn for at Riksveg 50, den seinare E6, skulle leggast ovanfor sentrum. Slik kom den gamle ferdelsvegen frå slutten av 1600-talet i bruk igjen.
I 1930 var det 42 bustadhus på Vinstra, der det budde 285. I 1988 budde det 2115 i omlag 1000 bustadhus. Det var Sundbrua og jernbanestasjonen som kring 1900 bestemte kvar tettstaden med det nye namnet Vinstra skulle vekse fram. I 1945 hadde bebyggelsen drege seg sørover, sør for Brakegeilen. Dei fleste som budde på Vinstra, hadde husa sine langs Nedregata, gjerne med butikk. kafé eller verkstad i gatehøgd. Somme hadde sett opp hus langs Øvregata, restane etter den gamle allfarvegen gjennom grenda.
0 Comments