RAGNAR ØVRELID: Harpebrua har stått der uten lange avbrot til i dag. Når all annan overfart var stengd, var det den å stole på. Vi høyrer om brua i 1633, da gardane i Rysland vart usamde om vedlikehaldet. I 1790 let bygda byggmeister Jehans Korpberget sette opp ei ny trebru. I 1846 måtte trebrua avløysast av ei sterkare, av stein. Ein spesialist frå Toten sette brua opp. Men han var uheldig da han skulle slå ned stillaset, og brua vart skeiv. Enda verre vart det etter storflaumen 1860, da svære tømmerflokar reiv bort steinar i fundamentet. Brua stod likevel til 1880-åra. Da hadde sprekkene blitt så store at vegvesenet trua med å stenge brua. Så i 1892 måtte Sør-Fron til med brubygging att. Brua frå dette året stod til 1940, da ho vart sprengd i krigsdagane. Den noverande Harpebrua vart bygd i 1950-åra. Da hadde det stått ei provisorisk bru sidan sprenginga i 1940.
0 Comments