Fron historielag inviterer til konkurranse om den beste lokalhistoriske videoen frå Fron 2015. I Fron kan ein ause av tema for ein lokalhistorisk video. Det er lagt ut mykje videostoff på denne sida som kan brukast. Det er mange tusen historiske stillbilde i bildearkivet her på sida. Dei kan ôg brukast. Det er berre å bla i årgangane av Fronsbygdin, så regnar det med idear. Hugs – du treng ikkje gå så langt tilbake i tida. Ein av dei mest sette postane på denne sida i fjor var ein film frå Skåbu i 1974. Nå er også 2014 blitt historie. Vil du vera med, rår vi til at du tar kontakt, så kan du bli med på ein verkstad, der du får gode råd og innspel og eit løft til ideane dine. Her er vinnarane i videokonkurransen 2014. Her finn du ôg det juryen hadde å seie om dei tre videoane. Du kan sjå kva juryen la vekt på.
Fron er full av folk med livserfaring, kunnskap og glede over å fortelje. Det er berre å leike seg med bilde og lyd. Bruke videokameraet, eit levande ansikt, lyset, stemninga, det overraskande. Så redigere – sette saman film, bilde, nytt og gammalt, legge på lyd, musikk, tekst. Skapande og spennande og eit dokument for framtida. Du har laga ein lokalhistorisk video som kan gje deg 5000 kronar i premie. Eller 3000 kronar. Eller ein tredjepremie på 2000 kronar.
Videoen skal vera på omlag 10 min, kan byggje på intervju, demonstrasjon av praktisk arbeid, gamle foto og filmar. Juryen legg vekt på innhald, originalitet og teknisk kvalitet.
På nettsida digitaltfortalt.no kan du få idear og inspirasjon. Korleis det kan gjerast og kanskje ikkje gjerast.
Videoen må ikkje innehalde musikk med opphavsrett. På nettsida soundcloud.com finn du musikk som er til fri bruk.
Konkurransen er open for alle med tilknytning til Fron. Frist: Laurdag 26. september 2015.
Vinnaren får kr 5000. 2. plass kr 3000. 3. plass kr 2000. Vinnarane blir kåra på lanseringa av årboka Fronsbygdin 2015 i månadsskiftet okt/nov. Dei beste videoane bli presenterte på heimesida til historielaget.
Ta kontakt:
Ole Christian Risdal: olerisdal at hotmail.com tlf: 977 33 315
eller Carl Henrik Grøndahl: carl.grondahl at gmail.com tlf: 482 46 498
0 Comments