Den samme livsreisa som oss

by | 8. jan 2015 | Informasjon | 0 comments

Har du glede av denne heimesida? Ho blir til på frivillig, ulønna basis. På gleda over å kunne formidle livsnære, inspirerande, tankevekkande og rørande ord og bilde om menneske som var ute på den samme livsreisa som oss, før vår tid. Slik blir vi tydelegare for oss sjølv og kvarandre. Vil du bidra til at denne sida lever vidare? Vil du støtte det arbeidet Fron historielag gjer her og på andre område? Bli medlem i 2015. Berre 100 kroner til konto 2095 32 92735, Fron historielag, 2640 Vinstra. Oppgje epostadresse. Du er med på viktig frivillig arbeid til glede for kommande generasjonar. Du er med på å skape gode livsvilkår og vitalitet i Fron. Du får ein god middag på årsmøtet, meir verd enn kontingenten. La oss gjere dette saman.

0 Comments

Submit a Comment