
Alme gård er tittelen på dette bildet, teke av H. H. Lie truleg rundt førre hundreårskifte. Kva anledning det er teke veit vi ikkje, men det er heile 36 personar i finstas og tre hestar med på bildet, så ei stor hending må det ha vore. Kanskje nokon av følgjarane våre veit? Vi trur bildet er frå Innistugu Alme. Lenkje til bilde med høgare oppløysing i kommentarfeltet. Kjelde: Nasjonalbiblioteket.
https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digifoto_20151207_00006_blds_07658