Ånd må vinna på troll til sist

Perspektivrik lansering av Fronsbygdin 2023

Hans Petter Solberg frå Fron mållag heidra dei to avtroppande redaktørane Gard Espeland og Rasmus Stauri med Målprisen 2023.

Lanseringa av Fronsbygdin har utvikla seg til gode kulturkveldar, der også karane møter fram. Meir enn 100 var tilstades da årets bok vart lagt ut for sal. På eit nokså truande bakteppe internasjonalt. «Me lever midt i ei villmanns-tid, med blinkande knivar og nevestrid, og livet er som ein bloddraum», siterte redaktøren Rasmus Stauri Arne Garborg, da han opna møtet. Men kvelden vart både innhaldsrik og humørfylt med mange tankevekkande perspektiv på lokalsamfunn, næring og kultur – både frå Øystein Rudi, som fortalde om 20 års drift av kulturgarden Rudi, og frå dei to avtroppande redaktørane. Dei to siste fekk attpåtil Målprisen 2023 frå Fron mållag for «god redigering på nynorsk av Fronsbygdin gjennom 20 år.» Så ein får håpe at det går slik Arne Garborg seier: «Men vita skal me og vona visst, at ånd må vinna på troll til sist, og vit på den varge villskap.»

Sekretæren i Fron historielag, Åmund Blakar, ønskte velkommen
Redaksjonssekretær Gard Espeland kunne presentere ei svært innhaldsrik og variert bok.
Omlag 500 konsertar og meir enn 1000 andre tilstelningar i løpet av 20 års drift på Rudi, kunne Øystein Rudi melde.

0 Comments

Submit a Comment