Møte mellom folk i levande live

Møt Øystein Rudi på lanseringa av Fronsbygdin i morgon

«Kvar einaste gong det kjem folk til gards, er det ein stor glede, og det kjennest meiningsfullt å få lov til å skape aktivitet som mange seier er med på å gjere livet rikare. Møte mellom folk, ikkje på skjerm, men i levande live – det trur og håper vi vil vera aktuelt til evig tid.» Det skriv Nina og Øystein Rudi i Fronsbygdin 2023: «Kultur som næring på Rudi gard.» Øystein fortel meir og let fela låte, når Fronsbygdin blir lansert på Biblioteket Vinstra i morgon, torsdag 26. oktober kl 19. Der blir det og bokbad og dans gjennom alle artiklane i boka. Vel møtt!

0 Comments

Submit a Comment