Årsmøta i laget fortel om tiltaksføre frøningar

I dag, onsdag 29. mars kl 19, er det årsmøte i Fron historielag på Dale-Gudbrands gard. Når vi møtast der, er vi i godt lag med mange generasjonar som har skapt mykje. Ved lagets 75-årsjubileum i 2003 skreiv Ola O. Røssum litt om historia til laget og fortel om mange interessante og tankevekkande hendingar. Her kjem nokre godbitar:
Det var Gudbrandsdal historielag som sto for skipinga av Fron historielag (som av dei andre historielaga i dalen), og Kristofer Fliflet sto for iverksettinga. Organiseringa var gjort med tanke på å få gitt ut bygdabøkene til Ivar Kleiven, i vårt tilfelle Fronsbygdin. Historieskrivaren sjølv, Ivar Kleiven var med på møtet. Dei bileta som skulle vera med i Fronsboka, vart valde ut, og det vart gjort vedtak om at Kviknemålet skulle nyttast i heile boka, utanom direkte tale eller skrift. Korrekturlesinga skulle gjerast av Kr. Aasmundstad og Even Sveipe. Det er serskild nemnt i møteboka at Ivar Kleiven var einig i denne ordninga.
Sju medlemer på årsmøtet
Nytt årsmøte vart det ikkje før den 27. august 1939 på Harildstad. Underskriftene fortel om sju frammøtte medlemer på det som skulle bli det siste møtet i Fron historielag føre krigen. Fem dagar seinare gjekk Tyskland til åtakskrig mot Polen, og den andre verdskrigen var i gang.
Fyrste møte etter krigen
Det fyrste årsmøtet etter krigen vart halde på Vinstra 31. mars 1946. Det var formannen i Gudbrandsdal historielag , o.r.sakførar Joh. Krukhaug som leidde møtet. Han mintes to av dei berande krefter i Fron historielag, Jon Harildstad (1866-1942) og Even Sveipe (1866- 1943), som båe var gått bort i krigsåra. Jon Harildstad hadde vore formann frå starten i 1928 til han fall i frå på ettervinteren 1942. Even Sveipe hadde vore nestformann frå starten og til han gjekk bort 20.desember 1943. Med på dette fyrste årsmøtet etter krigen var Einar Hovdhaugen, som ga ei utgreiing om korleis arbeidet i historielaget burde leggjast opp framover.
Møteboka fortel heller ikkje om noko anna liv i laget dei fyrste seks etterkrigsåra, og det neste årsmøtet vart ikkje før 3. juni 1951. Til formann vart vald Ivar Brandvol, som vart verande på denne posten heilt fram til 1974, da han ba om avløysing.
Årsmøtet vart meir av ein fest
31. januar 1953 gjorde styret vedtak om å laga ein fest i samband med årsmøtet. Engebret Haugen og Einar Hovdhaugen skulle vera med og halde foredrag. Båe var aktuelle som bygdabokskrivarar, og styret ville nok gjerne få synt dei fram og la frøningane få høyre dei. Inngangspengane til festmøte og foredrag vart sett til kr. 2,50. Årsmøteprotokollen viser at det svara seg å leggje opp eit noko meir forseggjort program. Frammøtet vart betre enn det hadde brukt å vera, 22 medlemer møtte.
Kvar er dei nå?
Til årsmøtet i 1966 hadde historielaget i samarbeid med småbrukarlaga og bondelaga i Fronsbygdene fått i stand ei utstilling av gamle ting. I tilknyting til utstillinga var det etter sjølve årsmøtet foredrag av Ingvald Skaare og Ola O. Røssum. Møteboka melder om riktig godt frammøte.
Samarbeid med skulen
Fron historielag senda i 1966 brev til alle lærarane i Fronsbygdene om å få i stand små utstillingar ved skulen av gamle ting, for å få ungdomen interessert i å¨ta vare på pryd- og bruksting som finst att i bygda.
Årsmøte med utstilling
Årsmøtet 1967 vart lagt til 16. april i Kvam bygdahus, og komiteen hadde lagt mykje arbeid på ei større bygdautstilling. Det vart registrert meir enn 900 bruks- og prydgjenstandar med tanke på utstillinga, berre omlag ein tredjedel vart utstilt, men resten vart katalogisert med tanke m.a. på framtidige mønstringar av gamal kulturarv. Av dei utstilte tinga kan nemnast sju av dei heimebygde Lomske såmaskinene. Berre dette gjorde utstillinga til ei makinutstilling utnom det vanlege.
Men ingen veit kor filmen er nå!
I 1974 vedtok styret at Historielaget skulle prøve å få filma gamle arbeidsmåtar i jordbruket, i fyrste omgang nydyrking, våronn, hausting av korn trysking o.s.v. Formann og sekretær skulle førebu saka. Filming vart det i 1975. Hans Petter Kleiven var kameramann, og emnet for filmen var møkkakjøring med hest og kjerre, pløying, horving og såing, alt med hest. Filmen skulle ha premiere på fyrste årsmøte. Framsyninga fall i smak, og årsmøtet vedtok å halde fram med filminga.
Men bygdebøkene kom, og årboka slit
Same tida tok styret opp spørsmålet om å gje ut eit bygdahistorisk hefte, det òg etter mønster frå Ringebu, med sine hefte av «Hemgrenda». Fleire var redde at det kunne skade Årbok for Gudbrandsdalen, dersom for mange av historielaga i bygdene ga ut sine eigne hefte.
Gamle bilete – nokon som har dette heftet?
I 1979 gjorde styret vedtak om å setja i gang registrering av gamle bilete som kan fortelja om landskap, byggjeskikk, kledbunad, arbeid og folkeliv i Fron attigjennom tidene. Trygve Holm, Tretten vart bedt om å koma på eit styremøte og fortelja om den registreringa som nå er i gang i Øyer. Han kunne ikkje koma til møtet, men hadde sendt dei skjema som vart nytta ved registreringa i Øyer. Ragnhild Kjorstad og Oddmar Myrum tok på seg å laga tekst til tilsvarande skjema for Fron.
Det vart gjort vedtak om å gi ut eit prøvealbum på 500. Torbjørn Mathisen og Oddvar Myrum tok på seg å redigere prøveheftet. Eit tilbod frå Vinstra Trykkeri A/S om å ta trykkinga for kr. 7500 vart godteke, så sant biletkvaliteten vart god.
Markvandring gjennom Vinstra og Kvam?
På årsmøtet i 1983 kom det fram ønskje om markvandring gjennom Vinstra sentrum, med tanke serleg på dei mange innflyttarane der som sikkert vil like å få veta meir om tettstaden. På same tid vart det sett fram ønskje om markdag i Kvam. Særleg dei i søre delen av Fron kjenner Kvam for dårleg, vart det hevda. Styret såg seg ut Ola O. Røssum som omvisar i Kvam, og Jens Haanshus for tettstaden Vinstra. Det vart ingen markdag i 1983.
Nei til Hundorp! Historielaget har vore på saka ført ôg.
I 1984 tok styret opp det dei meinte var feil i bruken av Hundorpnamnet, ein feil som skriv seg heilt attende til bygginga av Otta-banen, ikkje i det førre hundreåret, men hundreåret før det att! Jernanestasjonen vart lagt på garden Hundorp, og namnet vart Hundorp station. Verre var det at posthuset vart lagt her, og at ein stor del av frøningane fekk postadresse Hundorp st. Det neste var at da posthuset vart flytt frå stasjonen, følgde adressa med, og (enda verre!) nå utan st., adressa vart beint fram Hundorp. Snart budde ein stor del av frøningane på Hundorp, kommunehuset og tettgrenda omkring vart heitande Hundorp, ja til og med den gamle Fronskyrkja, nåverande Sør-Fron kyrkje sto i fare for å bli omdøypt til Hundorp kyrkje. Styret i Fron historielag såg seg da nøydd til å gjera dei styrande i Sør-Fron ansvarlege for at ein slik namnebruk ikkje fekk halde fram. Sør-Fron er namnet på kommunen og bygdasentret, og sjølvsagt på kyrkja. Historielaget bed Sør-Fron formannskap gjera sitt til at feilnemningane som det har peikt på ikkje fær feste seg.
Bygdatunet opna
4. juni 1986 vart Fron bygdatun i Milsteinstugu-lykkja opna. Det var ein stor dag for Fron Historielag. Opningshøgtida markerte ein viktig mil-stein i historia om Fron Historielag. Formannskap og kulturstyre frå båe Fronskommunane var innbedne. Den historiske milsteinen som sto her, er under restaurering, og styret har peiekt ut dette som ei prioritert oppgåve, som Arve Rolstad tek seg serskilt av.
Minnedag for Storofsen
23. juli 1989 fekk Fron Historielag i samarbeid med bondekvinnelaga i Sør-Fron og Ruste i stand ein minnedag for å markere Storofsen i 1789. Historielaget hadde sett ned ei heil nemnd til å styre med det, med Dagny Stauri, Anton Bjerke, Aud Hagen og Ola O.Røssum som medlemer. Minnedagen tok til med gudstenest i Sør-Fron kyrkje og kyrkjekaffe i kommunehuset. i lag med ungdomelege musikantar frå Sør-Fron, og med visesang i gamal stil av Per Åsmundstad. Einar Hovdhaugen fortalde om all skaden som flaum og skriu gjorde i Fronsbygdene, som var mellom dei hardast skadde i heile dalen. Lokalmeteorologen Sigmund Høgåsen fortalde om det heilt spesielle veret som bygde opp til unormalt store nedbørsmengder. På ein rundtur med buss fekk deltakarane sjå sume av dei skriufara som ennå syner. Hallgrim Sveipe og andre lokalkjende var med og fortalde om historier som ennå går i bygda om naturkatastrofen i 1789.
Golå eller Gålå?
Midt oppe i alt dette tek styret seg tid til å ha ei meining om skrivemåten på ei ikkje ukjend fjellgrend, skal det stå Golå eller Gålå på skilta? Eit fleirtal i styret ønskte det talemålsnære Gålå, eit mindretal på to ville hatt Golå. Såleis vart meininga i Fron Historielag om den saka.
Fron historielag skapar stadig historie. Vel møtt på Dale-Gudbrands gard.
0 Comments