To nye æresmedlem

by | 29. mar 2023 | Informasjon | 0 comments

Både flintbørse og vegvandring på godt årsmøte

Ei stor og uventa ære, sa Anders Haugen – nå æresmedlem i historielaget. Han fekk også med seg heider til Lodver Bryhn, som ikkje var til stades.

Eit godt besøkt og triveleg årsmøte med 44 til stades fekk siste nytt: Anders Haugen og Lodver Bryhn er nye æresmedlem i Fron historielag. Eivind Holen går ut av styret etter åtte år som sekretær, og inn kjem Pål Skoe Kjorstad. Øystein Hagen sluttar som leiar i styret for Bygdatunet, Ola Skoe kjem inn. Driftsresultatet for laget i 2022 er eit overskot på vel 73 000 kr., og laget har vel 760 000 kr på bok.

Det låg ei pakke til historielaget i banken. Kor lenge ho har vore der, veit visst ingen. Leiaren, Tormod Bråten, henta ho, pakka opp og synte fram innhaldet på årsmøtet: Ei flintbørse, truleg frå 1700-talet. Mange spekulasjonar om kor ho kjem frå..
Brua ved Harpefoss var truleg den første brua over Laugen, og ein gong var Harpefoss eit viktig knutepunkt – midt mellom Oslo, Bergen og Trondheim. Kunne den særs vegkundige Geir Paulsrud fortelje i ei spennande vegvandring som avslutta årsmøtet.

Dette er det nye styret i Fon historielag:

Tormod Bråten, leiar. Egil Myhre, nestleiar og ansvarleg for boksal. Åge Jevne Hagestuen, kasserar. Styremedlem: Ragnhild Wadahl, Møyfrid Kalstadstuen, Marit Håkenstad, Åmund Bækken Blakar og Pål Skoe Kjorstad. Varamedlem: Anna Brandstad Lien, Per Seielstad, Per Oluf Solbrå og Aud Lunde Renshusløkken.

Godt folk samla på Dale-Gudbrands gard.

Styret for bygdatunet: Ola Skoe, Ragnar Tor Mariason, Ingolf Bjerkehagen og Bjørn Renshusløkken. Varamedlem: Rolf Åsmundstad og Eva Hilde Bakken.

Revisorar: Ole Mathias Elfsrud og Johan Rusthage.

Valnemnd: Arne Uhlen, Guri Brandvold, Linda Elin Myromslien og Jon Einar Kjorstad. Varamedlem: Anne Ragnhild K. Saglien.

0 Comments

Submit a Comment