Kva skjer med kvernkallen?

Innhaldsrik årsmelding med både matklokker og seterbok

Eit godt og populært arrangement i året som gjekk: Markvandring på Lomsetra. Midt på biletet: Lokalhistorikar Anders Haugen (nå æresmedlem i laget). Til venstre for han ser vi Jan Karenstuen, som også bidrog med historikk.

Fron historielag er i medvind. Stor aktivitet, god økonomi og mykje på gang. Berre kvernkallen har slått seg vrang. Laget hadde 220 betalande medlem i 2022. Årsmøtet 2022 var 6. april på Hundorp Dale-Gudbrands gard. Det møtte 48 deltakarar. I tillegg til vanlege årsmøtesaker vart det vedteken å: 1) arrangere slektsgranskningskurs 2) beskrive alle matklokkene i Fron. Desse aktivitetane er igangsett. Les meir om eit rikt lokalhistorisk år:

–    Markvandring på Frya ble arrangert 29. mai sammen med Ringebu Historielag. Til tross for regnvær møtte over 30 fra historielagene i Fron og Ringebu. Geir Paulsrud, Gunnar Lien og John Ødegård var kjentmenn og fortalte om historia langs vegen.

–    Åpen dag på Bygdatunet. Den 4. juni var det aktiviteter på Bygdatunet der både oppgangssaga og mølla ble kjørt. Takk til styret i Bygdatunet.

Michael Heim og Mildri Een Eide.

    Kurs i registrering av fornminner. Etter initiativ fra Michael Heim, ble det arrangert feltkurs i registrering av fornminner den 23. juni. Vi så på gravhauger/hustufter på Nigard Tokse og fangstgroper/kullgroper/bågåsteller ved Skreddardokka. Takk til Michael Heim og instruktørene Mildri Een Eide og Runar Hole.

–    Markvandring i Huskelia 7. juli. Takk til Anders Haugen og Lodver Bryhn, som fortalte og viste fram gamle plasser som for lengst har blitt fraflytta.

–    Markvandring på Lomsetrene. Søndag 21. august, møtte rundt 50 personer opp for å se og høre om nybrottsarbeidet og setringa på Lomsetrene. Ragnar Tor serverte kål til alle frammøtte. Takk til Lodver Bryhn, Anders Haugen og Ragnar Tor Mariasson.

Det blei ei fin stund da Fron historielag arrangerte bygdekveld i Kvikne. Det heile starta med at Kristian Ekre viste rundt i den nyrestaurerte kyrkja. Han delte av sin breie kunnskap, og vi fekk god forståing av korleis restaureringa hadde foregått.

    Bygdakveld i Kvikne. 24. august møttes vi på Borg Bygdamuseum i Kvikne. Kristian Ekre fortalte om historia til Kvikne Kyrkje og det omfattende restaureringsarbeidet som er utført siste året. Marit Håkenstad fortalte om Olav Tordson Aasmundstad. Han testamenterte hjemstedet sitt, Borg, til Kvikne ungdomslag.

–    Fronsbygdin 2022 ble lansert på biblioteket på Vinstra, 27. oktober. Egen rapport.

–    Transskribering av tingbok 2 er fullført av Kjell Brustuen, Kvam. Det gjenstår korrektur-lesing og trykking av boka.

–    Slektsgranskningskurs  er  igangsatt på Nord-Fron Bibliotek. Takk til Anders Haugen, Anton Syverhuset, Ola Paulsen, Jan Haugseth og Kjell Brustuen for deling av kunnskap rundt slektsgransking.

Klokketårn frå 1859 på Hundorp. Foto frå Wikipedia

    Matklokker. Det var et tilsvarende prosjekt i 1995, og disse rapportene er funnet fram igjen. Det mangler derimot noen matklokker, og disse vil bli registrert og om mulig fotografert til sommeren.

–    Det er satt opp hyller, organisert og ryddet på lageret på Nord-Fron bibliotek.

–    Arbeidet med seterboka er godt i gang, men arbeidet er tidkrevende. Til sommeren vil det bli brukt drone til fotografering av seterstulene.

–    Det er satt i gang arbeid med oppgradering av hjemmesida. Den skal nå bli mer logisk, lettere å navigere i og mer mobilvennlig.

–    Etter innspill fra Johannes Brandvold, ble det gjort et forsøk på å frede Solbrådammen. Dette lykkes ikke, men grunneier vil verne demningen og Fron Historielag vil sette opp informasjonsskilt ved Solbrådammen til sommeren.

Styrearbeid

Styret har hatt 9 styremøter.

På styremøte 20. september byttet Egil Myhre og Tormod Bråten styreverv.

Årsmelding frå bokredaksjonen 2022 ved Rasmus Stauri

Det er kvar haust sist i oktober lanseringstid for ei ny utgave av Fronsbygdin, denne gongen den 19. i rekkja. Bokansvarleg Egil Myhre kom med eit ferskt eksemplar 24.09. kl 11.15. Boka vart okergul dette året, og opplaget var 1100. Lagringsplassen fram til lanseringa har i alle dei år vore Nord-Fron bibliotek, og for ettertida har styret bestemt at det same biblioteket skal vera arena for lanseringskvelden. I 2022 vart denne ein månad etter at boka kom frå trykkeriet, den 27.10 kl 1900, og det med tradisjonelt innhald i all forstand, Redaksjonssekretæren, Gard Espeland, leika seg gjennom og presenterte dei mange artiklane under lanseringa. Rasmus Stauri leidde kvelden, som vart opna med felespel av gruppa «Feristun», tre representantar frå Folkemusikklina ved Vinstra vgs. Det lovar godt, for det var klingande og fengjande felespel dei rundt 100 frammøtte fekk høyre denne torsdagskvelden.

Paul Henrik Hage fortalde lunt om eit apaltre han har vokse opp med – han tok til å undrast over kor gamalt det er og fann ut mykje interessant – om Tokse-eplet! Historia står i boka.

Det faglege innhaldet, som kvart år er henta frå ein artikkel i boka, stod Paul Hage for. Han fortalde om epledyrking i Sødorp og om arbeid med lokalhistorie og korleis han hadde arbeidd med stoffet til artikkelen «Gammalapalen på Øvre Sandbakken».

Årboka for 2022 hadde 19 artiklar og 20 skribentar, tre kvinner og 17 menn. Sidetalet var 168 sider med framsatsfoto frå Vinstra anno 1975, og baksatsfoto frå Espedalen med utsikt frå Espedalens hotell. Sjølvsagt skulle redaksjonen ønskje ei jamnare kjønnsfordeling, men ei lita trøyst er det at ein i andre lokalhistoriske årbøker ser det same. Men krokute vegen blir ikkje rettare om mange går han, heiter det som kjent i eit ordtak.

Årbokredaksjonen freistar å ha ein artikkel med meir fagleg karakter. Slik også i år, og det spørst om ikkje presentasjonen av forfattaren på Koltjønnhaugen, Anka Borch, skriven av Åge Jevne Hagestuen høyrer heime i den kategorien.

Mottakinga av Fronsbygdin 2022 må seiast å vera god, og Dølen v/Thor Larsen skreiv «Fronsbygdin er seg sjølv lik» i si melding 15.desember 2022. Dessverre finn ikkje GD det viktig å skrive om lokallitteratur, og det er synd ut frå den populariteten slik litteratur har blant lesarane.

Dagens redaksjon for Fronsbygdin med Hildegunn Maria Haanes Ruset, Gard Espeland og Rasmus Stauri blir frå 2024 avløyst med nye folk, og Erling Skurdal og Geir Paulsrud vart presentert under lanseringskvelden. Tormod Bråten har teke over som leiar i historielaget etter Ole Christian Risdal og Tormod presenterte dei nye redaktørane.

Arbeidet med Fronsbygdin i 2022 gjekk fint, alt sett under eitt. Redaksjonen vil takke alle som bidrog til det ferdige resultatet, og ikkje minst takk til dei mange som kjøper og les boka. For slik er det: Inga interesse, inga bok! Må ikkje det skje!

Heimesida ved Carl Henrik Grøndahl

I 2022 passerte heimesida ein million visningar etter å ha vore i drift i ni år. Sjølvsagt flest frå Norge, men 39 700 frå USA, 9 425 frå Sverige 4 928 frå Danmark. I andre enden: Ni frå Armenia, 11 frå Mongolia og 12 frå Georgia. Det er frøningar over alt. 

I 2022 var det 95 383 visningar på sida mot 84 224 i 2021.

Folk i desse landa las noko på heimesida i 2022

I 2022 vart det lagt ut 124 innlegg mot 91 året før. 

Etter at heimesida vart oppretta i 2013, har det skjedd mykje. Ikkje minst at smarttelefonen er den reiskapen dei fleste nyttar når dei les på nettet. Sida har derfor etter kvart fått eit litt gammelmodig preg med mykje informasjon det kan vere vanskeleg å finne fram i. Styret tar tak, og i 2023 blir sida oppfriska og fornya. 

Facebook-sida til historielaget er framleis eit forum der dei får utruleg god hjelp, dei som spør etter slekt og røter. 

Årsrapport for Bygdatunet 2022 ved Øystein Hagen

I 2022 har det vore lite aktivitet i bygdatunet. Ingen store reparasjonsarbeid er utført i året. Bygningane er i god stand med unntak av kverna der kvernkallen er opp rotna i botnen.

Dei vanlege vedlikehaldsoppgåvene som grasklypping og tilsyn er utført av underteikna, likeins arbeidet med juletreoppsetting. Det nye torvtaket på låven er tilsådd med grasfrø.Sommarsesongen starta med vårrydding den 12.mai. I år var “seniorgruppa” fråverande for fyrste gong. Vi takkar for deltaking i mange år og kanskje kjem nokon frå gruppa attende i 2023.På oppgangssaga er vasshjulet reparert og justert i fleire omgangar for å få størst mogleg kraft på saga.

Demonstrasjonskøyring vart gjort for interesserte medlemar i historielaget den 11.mai. Etter justering av innløpet på vasshjulet og fleire andre tilpassingar fungerte saga godt.

Messingskilt med opplysningar er sett opp på bygningane. Skilta vart levert av Kaj Henning Volden i Sør-Fron.

Det vart halde ope dag i bygdatunet og saga/kvernområdet ved Sulheim den 4. juni. Det var godt frammøte, ca 60-70 personar i alt i løpet av dagen. Vassføringa i Sula var rikeleg og både sag og kvern vart vist i full gang. Vinstra Bruk ved Asbjørn Kongsli var møllar og hadde med bygg til maling, men utbyttet var lite, kvernsteinane er for nedslitne. Ragnar Tor Mariasson var sagmeister og leverte stokkar til saging. I bygdatunet orienterte Anders Haugen om kvernbruk og oppgangssager i Fron og det var kaffekoking og servering i fleire omgangar.

Olsokmesse ved Sødorp sokneråd vart halde som vanleg i bygdatunet.

Skule og barnehage bruker jamnleg bygdatunet til friluftstimar. Ellers er bruken beskjeden.

Kvernkallen i kverna havarerte under ope dag. Den må reparerast eller skiftast heilt .

Eivind Holen sekretær i Fron historielag

0 Comments

Submit a Comment