
Ole Chr. Risdal: Som sikkert mange har fått med seg, har no Glommen Mjøsen Skog seld den store eigedomen Bøle i Espedalen. Det var ein eigedom som i utgangspunktet tilhøyrde garden Bø i Ruste, og som den legendariske Johan Martinus Bøe eigde og testamenterte til Røde Kors, og Mjøsen Skog fekk hand over skogen.
For ei stund sidan vart det funne att eit langt brev på Bø, der Johan Bøe gjer greie for eigedomen sin og kjem med idear til korleis den kan nyttast i framtida. Brevet er stila til høgsterettsadvokat Sterri i samband med testamentet sitt. Disponent S. Aannestad, som sat i Kontrollnemnda på Gjøvik, avd. eigedom, blei også involvert. Det var dottera hans, Liv Nordvik, som hadde sendt kopi av brevet til Ingrid Søberg på Bø.


Historikk
Poul Østensen Bøe ca. 1743-1805 i Ruste kjøpte rydningsplassen Søre Espedalen (gmnr. 235) av kongen i København i 1787. Ting tydar på at Poul hadde rydda denne eigedomen i kongeleg almenning og la inn eit bod på 57 riksdalar, som altså blei godtatt av kongen. Ifølgje Beskrivelse over de usolgte kongelige almenninger i Gudbrandsdalens fogderi, skulle eigedomen nyttast som seter. Setra blei i mange år bortleigd til storbonden og hestekaren Nils Huseby ca. 1780-1879 frå Stange. I skattematrikkelen for 1838 er Paul Johannesen Bøe f. ca. 1799 oppført som eigar av Espedalen, samtidig som han eig Bø i Ruste. I folketeljinga for 1865 er Bø og Bøle samla under same oppføring. Bø har løpenummer 64 og Bøle 65. Johan S. Bøe 1824-1908 er eigar. I 1875 er Bøle bortforpakta til Hans Olsen Beitmyren f. 1840. Han bur der saman med kona Mari f. 1845 og dottera Rønnog f. 1873. Marit H. Sandboløkken f. 1856 er tenestejente der. Men det var nok ikkje lenge dei budde der, fordi Rønnog er ikkje født der og den yngste sonen, Ole, er født i Beitmyren i 1879.
Johan Bøe – ein særeigen kar
Johan Martinus Bøe var født på garden Bø i 1870, var tippoldebarn til Poul Østensen og son til nemnde Johan S. Bøe (Kjorstad, uppigard) og Marte f. Bøe 1834. Han voks opp i ein syskenflokk på ni, og var bl.a. bror til Kristian Bøe f. 1860 som tok over Bø og Svein f. 1867 som vart brukar på Nordgard Bryn. Han arva Bøle av faren Bø i 1905. Johan Martinus var ein allsidig mann og slo seg opp som brennevinsagent. I 1910 finn ein han på ein plass i Bærum der han blir titulert som «handelsreisende for spiritusfabrik». I 1911 forandra han namnet på eigedomen til Rutli. I offentlege dokument står det Rutli seter 200/2 og resten av eigedomen i Espedalen er Bøteigen 203/29 Han tok seg utdanning og som følgje av jobben lærte han seg fleire språk og var mykje i utlandet. Derfor var han nok mykje til og frå Espedalen så lenge han var i jobb. Han tente godt og hadde relativt stor formue. I 1919 verserer han i skattelistene for Vestre Gausdal med ein formue på 42100 og ei inntekt på 3025 kr! Formuen tilsvarer i dag ca. 1,2 millionar. Når det gjeld løn så hadde til samanlikning ein folkeskolelærar ei årsinntekt på rundt 2000 kr. i 1920. Mest truleg jobba han som agent til 1922, da Vinmonopolet vart etablert. Johan dreiv bl.a. med grisar på Bøle, var samfunnsengasjert og opptatt av leveforholda i Espedalen. Han var ein pioner og ein pådrivar for å få bygt bilveg mellom Espedalen og Skåbu. I 1923 la han fram desse planane i ein artikkel i Aftenposten, og fekk overingeniør C. Crøyer med på dette. Bilvegen blei ein realitet i 1950.
Salet
På 1940-talet tykte nok Johan det vart for tungvint på Bøle, og flytta til staden Granheim like ved heimgarden Bø i Ruste. Bøle leigde han ut til Hedvig 1900-81 og Ole Bergum 1906-59. Dei skulle bli dei siste som budde der. Johan planta lerk rundt både Bøle og Verksodden, som veks der den dag i dag og vekkjer minnet om denne særeigne mannen. Han var ugift og hadde ikkje livsarvingar. Før han døydde i 1955 hadde han altså testamentert alt han eigde til Røde Kors, til saman 280 000 kr. 100 000 gjekk til Hjertebo, senter for åndssvake barn i Gran. Dette tilsvarer i dag nesten 5,4 millionar! Mjøsen Skogeierforening fekk kjøpt skogen på totalt 8600 da (av dette er over 2000 da produktiv skog) for 25500 kr. (Rutli 200/2, Bøteigen 203/29, teig ved Olstappen 201/111 og tre teigar i Langsua verneområde). Sistnemnde vart fråskilde Hov i 1888 (258/4), Storlunde i 1915 (256/10) og Sandbu i 1925 (260/21). Når det gjeld Hovsteigen er den handla med fleire gonger. Fyrst kjøpte Ole Kongsli f. 1821 (sygard Kongsli) den av Hov i 1893. Så kjøpte skåbyggingane Torger T. Risdal (f. 1852 nørdre Risdal) og Severin Stensrud (f. 1857) den i 1909, for så å selje den til Johan Bøe i 1912. Etter Johan sitt ynskje skulle skogen brukast til forsøks- og demonstrasjonsskog. Men no er den altså seld.

Bidragsytarar og kjelder:
Gustav Søberg på Bø
Anders Haugen
Pantebøker og folketellingar på Digitalarkivet
Skanna aviser på Nasjonalbiblioteket
Boka Espedalen: det var en gang. Odd Arild Stubberud og Jana Weidemann 2023.
![]()

0 Comments