Bombemålet på Tofte
Var kong Haakon her på flukt i aprildagane 1940?

Var kong Haakon her på flukt i aprildagane 1940?

RAGNAR ØVRELID: I aprildagane i 1940 danna det seg etter kvart segner i Fron om det som skulle ha hendt her. Kong Haakon og heile regjeringa skulle ha vore på Tofte. Gullet frå Norges Bank skulle ha vore på folkehøgskulen på Hundorp. Men det som skjedde, var dette: Statsminister Nygaardsvold og følgjet hans tok seg i kamuflerte bilar opp til Tofte Turisthotel utpå kvelden 12. april 1940. Her var det fullt av evakuerte folk frå Lillehammer og andre stader. Dei var ikkje særleg glade over å sjå statsministeren blant seg: eit opplagt bombemål for tyskarane. Nygaardsvold skal heller ikkje ha likt situasjonen. Særleg dårleg likte han «halehgenget», som han kalla det, av offiserar, pressefolk og andre som dukka opp i bilar på Tofte same kvelden og skulle ha tak i stastministeren.

Mannfolka på Tofte heldt vakt om natta og skulle varsle om det kom fly. Det kom ein bil. Stemninga var spent. Kunne det vere tyskarar her oppe på Tofte? Det var posten som kom.

Tidleg laurdags morgonen den 13. april drog Nygaardsvold til Øyer. Han ville konferere med kommanderande general Ruge, som hadde basen sin der. Seinare på dagen reiste Nygaardsvold og følgjet hans nordover til Lesjaverk for å kome seg over til Åndalsnes.

Dagen etter hadde Kongen og resten av regjeringa tatt seg over Dovre til Hjerkinn og slått seg ned på Otta. Nygaardsvold drog tilbake dit. Frå Otta skulle heile regjeringa, om nå var samla att, reise over til Åndalsnes.  Dette var den 14. april. På Dovre kom dei midt oppe i dei tyske fallskjermtroppane. Etter ein dramatisk tilbaketur kom Kongen og regjeringa endeleg til Vågå, der dei vart verandre på Sandbu i nokre dagar.

Folk flest i Fron visste sjølvsagt ikkje om at regjeringa hadde vore her. Heller ikkje var det mange som visste at gullet frå Noregs Bank vart frakta gjennom dalen med sju jernbanevogner natt til 19. april. Ein lastebil køyrde riksvegen framfor toget heile vegen for å kontrollerer at det var klar bane. Gutar frå Fron var med på denne transporten saman med blant andre Nordahl Grieg.

 

Frå boka Historia om Fron etter 1940.

 

 

0 Comments

Submit a Comment