Brudeferder ser ein frå tid til anna bilete av, men dei fleste er ikkje ekte. Det er dette, og det er teke så langt att i tida som i 1903 og syner brudefølgjet til Mari Jegersletten frå Tverrbyda og Petter Nordlien frå Kvam. Den gongen var ikkje vegen bygd gjennom Skåbu og Kvikne, så vegen gjekk opp i Massingdalen og nedover att ved Graupe. På biletet ser vi følgjet medan det er på veg over Åsane.
Midt på bilete kan ein sjå ein kar med feleboge. Det er Torger Iverstugun saman med bror sin. Dei spela føre følgjet da dei dro og da dei kom til gards att.
Bryllaupet sto på Øya i Tverrbygda, og brudeparet fekk 10 born.
Fotograf var Kristian Stakston i Tverrbygda, fortel Olava Kjæstad, Kvam, som har lånt oss biletet.
Eit avisutklipp henta frå Facebooksida Skåbu.
0 Comments