TOR ILE: I Fron var det fem krigsvardar: På Steigskampen, ved Kjorstad på Skuteil’n, ovanfor Sandbu i Ruste, på Forbrigdskampen og på fjellet mellom Kvam og Heidal. I lange fredsbolkar kom vardane noko til nedfalls, men i utrygge tider laut dei vera i orden. Under tjueårskrigen (1700-1720) vart både vardar og vaktstuer sette i god stand. Vardevakta laut gardane ta etter tur og omgang; det var ei byrdefull plikt attåt alt det andre, serleg i langdryge ufredar, da vakta kunne vara i åresvis.

Her på Skuteil’n stod ein varde og varsla ufred. Bilde frå FB-sida Skuteil’n rett opp.
I 1711 sender futen Chr. Brun melding om vardane i Gudbrandsdalen. Ved kvar av dei
20 vedvarder er et varderum med skorsten uti og huller på sidene til utsikt på alle kanter etter lovens anledning; og vardene er oppreist med en stor høy furubjelke midt uti og deromkring satt med lange furuer og grantrær, midt der uti innvendig bestukken og oppfyldt med tørre fururøtter og andre bluss brennende trær, hvorved tvende friske mannspersoner holder vakt uti et jevndøgn, og så etter omgang avløses, kontinuerlig siden d. 15. oktober 1709.
Det var strenge føresegner for vardeskipnaden og harde straffer for pliktsbrot. Ikkje skulle ein somne på vakt, men heller ikkje tende på i utide. Ei segn frå Øyer fortel: Ein kveld vart vakta på Stalbjørgskampen vâr ein ljoske mot himmelen rett over Råbølshaugen. Dei meinte varden der brann og skunda seg til sin eigen varde og tende i. Med det same steig månen opp over Hafjellet. Det var ljosken av månen dei hadde sett. Til all lukke fekk dei sløkt att, så vakta nordi i Fåvang ikkje vart var noko.
Frå Årbok for Dølaringen 1938
0 Comments