Historia om Hundorpbrua
RAGNAR ØVRELID: Den siste av dei store bruene over Laugen var Hundorpbrua. Frå jernbanen og Hundorp stasjon kom i 1896, låg planane om denne brua på teiknebord i offentlig kontor i 30 år. Jernbanen ville ikkje bygge brua, etter som tilfartsvegane på begge sider var bygdevegar. Det var motstridande interesser i bygda. Og Sør-Fron kommune såg seg ikkje i stand til å greie finansieringa. I 1907 var brua berekna til 150 000 kroner, fire gonger eit vanleg kommunebudsjett i Sør-Fron.
Men sundinga var farleg, næringsinteressene pressa på, hotell- og skiferindustrien kravde sikrare transport, og bygdefolk på vestsida ville ha bru.
Først i 1920 gjekk saka mot ei løysing. Byggeplanar og finansiering var i orden. Likevel kjende ikkje kommunestyret i Sør-Fron seg sikrare enn at det same året kjøpte inn to nye båtar til sunding.
Men i 1925 stod Hundorpbrua endeleg ferdig, og ferjene kunne flyttast til overfarten over Laugen ved Breivegen og Frya.
Sør-Fron fekk harde år med kommuneøkonomien etter brubygginga, som vart atskilleg dyrare enn planlagd. Kommunene hadde tidlegare gått inn for ein trygg overgang over jernbanelina, slik det var på Vinstra. Men da brua stod ferdig, fekk kommunestyret kalde føter. Nå strakk ikkje pengane til anna enn ein planovergang.
Og planovergangen har vegen til Hundorpbrua den dag i dag, sjølv om tilkøyrslen nå er sikra med bom og varsellys.

Tyskarane kom til Fron 24. april 1940. Hundorp bru vart sprengt for å bremse dei. (Bilde frå jubileumsboka)

Hundorp-brua reparert provisorisk etter at nordmennene sprengte ho for å hindre tysk framrykning i april 1940. Oskar Stensberg: Brua ble sprengt før tyskerne kom helt oppover. Eg husker smellen enda så liten eg var. Vi som bodde ved veie vart evakuert opp i høyere fra veien .Husker vi var oppe på prestegården da brua vart sprengt. Egil Stakston: Vet at Vingnesbrua på Lillehammer vart sprengt av norske styrker 22. april 1940, men isen på Mjøsa låg enda, så det forhindra ikke tyskerne å rykke videre frem mot nord. Dagen etter, den 23. april, var det harde trefninger på Tretten. 24. april vart brua over Tromsa i Fåvang og Sundbrua på Vinstra sprengt. Så Hundorpbrua og brua på Harpefoss vart kanskje sprengt i en samordna aksjon likt med Fåvang og Vinstra.
0 Comments