Byregardane og noko frå det gamle Vinstra

Sør for den gamle Sundbrua ser vi noko av driftsbygningen på Søre Byre. På andre sida av brua har vi kommunesenteret Nørdre Byre. Frå venstre Amundsens hotell, «Gammelbanken» og kommunehuset. Sistnemnde var opprinneleg det gamle prestegardshuset på Sundet. Bygningen romma både bank, butikk og legekontor til å byrje med. «Gammelbanken» er  ei stove  som er kome frå Sygard Leine i Kvam. Banken kjøpte denne i 1903 og fekk såleis eige hus. Dei delte den riktignok med kommunestyret. Banken heldt til i fyrste etasje og møta i kommunestyret foregjekk i andre høgda.

Ole Chr. Risdal: Etter at jernbanen kom til Vinstra i 1896, vart store delar av bygdebyen Vinstra bygd på tomter som hadde høyrt Byregardane til. Så å si alt av areal på Vinstra høyrde enten Nordgard Tokse eller Byregardane til. Grensa mellom desse gjekk omtrent i rett line frå Laugen, så rett nordanfor urmakar Berge og vidare oppover til fjellet.

Men jernbanestasjonen vart faktisk bygt på grunnen til Søre Vika, så denne garden har nok hatt teig i det området. Dette var likeeins med nabogarden Slettvika. Noko frå denne garden vart også ekspropriert til jernbanen. Grensa mellom Nørdre og Søre Byre gjekk mellom Amundsens hotell og «Gammelbanken», men Amundsen vart sjølvsagt ein viktig del av det nye senteret på Nørdre Byre. Etter at stasjonen var på plass, vart namnet på staden endra frå Byre til Vinstra.

Namnet Byre kan vere ei avleiing det gamanorske bjòrr: Strimmel, noko som kan gå på at Byre låg som ein kileforma strimmel langs Laugen. Garden, som truleg går attende til forhistorisk tid, er delt allereie i mellomalderen. Ein finn «Synste Byre» i eit diplom frå 1438. Byre er to fjordungsgardar i 1604 og tre gardar i 1668. Alle tre har setrer på 1600-talet, to på Sulseter og ein på Gravdalen.

Nørdre Byre

Nord-Fron kommune kjøpte husa på Nørdre Byre og 9 mål jord av Iver Erlandsen Byhre (f. 1835) i 1876. I handelen fulgte det med både nytt fjøs, stabbur, stall, løe og smie. Same året kjøpte Paul E. Hvattum (f. 1840) den største delen. I folketeljinga 1891 er garden til Hvattum kalla Byre søndre og nordre. Delen av Nørdre Byre som kommunen fekk tak i, vart til det nye kommunesenteret på Vinstra etter at det hadde lege i Sødorp frå om lag midten av 1700-talet. Kommunestyret i Nord-Fron hadde allereie i 1852, i samband med kommunedelinga, lagt møta sine til Ødegårdstuen (Bøygen Camping). Like etter kjøpte Iver Byhre det gamle prestegardshuset frå Sundet, og sette det opp att på Nørdre Byre med tanke på at kommunen skulle flytte inn der. Det var nok ikkje tvil om kor kommunesenteret skulle liggje. For i 1876 uttalar kommunestyret: «Det er i vår interesse å sikre oss eit fremtidssted som Byre. Dersom jernbanen kjem, vil stedet få en forhøyet verdi, i de det der da på Byre i nærheten av Sundbroen, utvilsomt vil blive en jernbanestasjon». Og slik blei det. I 1865 var kommunestyret på plass på Nørdre Byre. Kommunen leigde så ut delar av huset til Nord-Fron Sparebank og Nord-Fron handelsforening. Både Tor Slaaen og Anton Jevne dreiv med butikk her i mange år. Jevne bygde seg forretning sjølv i Nedregata i 1924. I bygningen var det også legekontor. I 1903 sette banken opp sitt eige hus sør for kommunebygningen. Dette var ein gammal stovebygning frå Uppigard Leine i Kvam. Huset vart seinare kalla berre for «Gammelbanken». I 1905 kjøpte Knut Amundsen tomt av Paul Hvattum og bygde hotell rett sør for banken. Han var forresten bror til den kjende storspelemannen Jehans Slåstugun. Far deira, Ommund, var også ein habil felespelar. Nord for kommunehuset bygde dyrlege Ruud våningshus i 1934, det som seinare vart distriktslegebustaden.

Nørdre Byre i 1908. Heilt til venstre ser vi bygningen frå Sundet med både butikk og legekontor, i midten «Gammelbanken» og til høgre eit nybygd Amundsen hotell. Det stod ferdig i 1905. Nedanfor hotellet ser vi «Byhre Bad», som Hvattum på Søre Byre sette i gang og kunne tilby «styrtbad». Amundsen kjøpte det i 1909.  I 1891 finn ein to bueiningar på Nørdre Byre, landhandlar Tor Slaaen og Eilert Pettersen. Sonesonen, Helge Pettersen (sonen til Ole Ragnar), kan fortelje at dette huset stod på lag der «Gammelbanken» står, og at det vart barndomsheimen hans. Huset vart rive og i 1896 tok Eilert med seg huset og sette det opp att i Øvregata (Birkelund). Men no med etasjane ved sida av kvarandre. Eine halvdelen står der framleis (ovanfor gamle E6, beint ovanfor Brandvold-huset). Dei legendariske Pettersen-brørne, Theodor og Ole Ragnar, bygde etter kvart smie og verkstad nedst på eigedomen. Foto: H. H. Lie

Amundsens hotell bør absolutt vere verneverdig, særleg pga. aktiviteten som har foregått der. I over 40 år var kongefamilien innom der og fekk servert frukost på veg til påskeferie i Sikkilsdalen. Dette biletet er nok frå 1946, den fyrste påska kongefamilien kunne feire etter fem år i eksil og starten på ein lang tradisjon. Foto: Bildesamlinga til Rønnaug Hvattum.

Nørdre Byre er registrert med to bueiningar i 1891:

Bustadnr. 068: Attgjeve omtrent slik det står:

Eilert Pettersen f. 1849, Tromsø: Familiens overhode

Matia Pettersen f. 1857, Øyer: Hustru

Karl Pettersen f. 1876, Tromsø: Sønn

Hans Pettersen f. 1878, Nord-Fron: Sønn

Ole Ragnar Pettersen f. 1889, Nord-Fron: Sønn

Her står det ikkje at Mathea var jordmor, men ho vart tilsett som jordmor i Nord-Fron i 1886 og gjekk ofte under namnet «jordmor-Matia».

Bustadnr. 069

Thor Slaaen f. 1857, Nord-Fron: Landhandler

Marit Slaaen f. 1860, Nord-Fron: Hustru

Magda Slaaen f. 1886, Nord-Fron: Datter

Hans Slaaen f. 1888, Nord-Fron: Sønn

Johan Slaaen f. 1890, Nord-Fron: Sønn

Kristian J. Holen f. 1867, Nord-Fron: Husmoderens broder

Anton O. Jevne f. 1873, Nord-Fron

Ane P. Aabakken f. 1859, Nord-Fron: Tjenesteydende

Christian Garup Meidell f. 1858, Balestrand i Sogn: Familiens overhode

Michaela Meidell f. 1866, Egersund: Hustru

Trygve Tybring Meidell f. 1889, Nord-Fron: Sønn

Bergliot Tybring Meidell f. 1890, Nord-Fron: Datter

Therese Tybring Meidell f. 1863, Egersund: Besøgende

Jertine Edvardine Amalie Larsen f. 1869, Sogndal: Tjenesteydende

Pauline Pettersen f. 1874 f. 1874, Tromsø: Tjenesteydende

Desse budde på Nørdre Byre i 1900:

Anton O. Jevne f. 1873: Landhandler og gaardbruger

Petra O. Jevne f. 1872: Husbestyrerinde

Gudrund A. Jevne f. 1895: Barn

Dagny A. Jevne f. 1897: Barn

Ottar A. Jevne f. 1899: Barn

Hans J. Brændhaugen f. 1878: Handelsbetjent

Anton O. Larssen f. 1883: Handelsbetjent

Mari J. Løkken f. 1870: Stuepige

 

Søre Byre

Paul E. Hvattum kjøpte Søre Byre av Ole Olsen Byre i 1872, men Rønnaug O. Byre (syster til Ole Olsen) tok den att på odel i 1879. Paul Hvattum kjøpte fyrst att ein del av Søre Byre av Rønnaug Byre i 1881 og ein annan part i 1887. Det som var Søre Byre er no ein vesentleg del av stasjonsbyen Vinstra. Paul hadde også, som tidlegare nemnt, kjøpt hovuddelen av Nørdre Byre i 1876.

Folketelljinga på Nørdre og Søndre Byre 1891.

Paul E. Hvattum, f. 1840, Gran, Hadeland: Familiens overhode

Ronnaug J. Hvattum f. 1848, Ringebo: Hustru

Jørgen Emil Hvattum f. 1871, Nord-Fron: Sønn

Karen Marie Hvattum f. 1873, Nord-Fron: Datter

Inga G. Hvattum f. 1875, Nord-Fron: Datter

Ole Kristian Hvattum f. 1881, Nord-Fron: Sønn

Aagot Hvattum f. 1883, Nord-Fron: Datter

Paul Hvattum f. 1885, Nord-Fron: Sønn

Ragnar Hvattum f. 1887: Sønn

Anna L. Toksen f. 1884, Nord-Fron: Barnepige

Carl Stoltenberg f. 1865, Skien: Kommunelæge

Alfhild Stoltenberg f. 1862, Stavanger: Husbestyrerinde

Constance Stoltenberg f. 1899, Kristiania: Barn

Anna Kolstad f. 1874, Vaage: Kokkepige

Marie O. Larssen f. 1885, Nord-Fron: Barnepige

Våningshuset på Søre Byre. Her var det både landhandel og skysstasjon. Ikring ser vi driftsbygning og stabbur. Foto: Samlinga til Rønnaug Hvattum.

Øvre Byre:

Øvre Byre var den største av Byregardane og det var her hovudbølet opprinneleg låg, og det er her garden ligg i dag. Bygde seter på Fryvollane i 1756. Borger P. Hvattum kjøpte garden av Ole Kongsli i 1887. Faren hadde også kjøpt Ilstad i 1893, og same året bytta dei gardar. Paul E. Hvattum hadde no fått tak i det som var att av alle tre gardane. Da den nye Byrebrua vart bygt i 1985, vart garden flytta attende til Øvre Byre, der oppgavsgarden truleg vart busett allereie i forhistorisk tid.

Attende til utgangspunktet. Øvre Byre etter at garden vart flytta frå Søre Byre og bygt opp att midt på 1980-talet. Det var her opphavsgarden ein gong låg. Foto: Henta frå Norske Gardsbruk.

Folketeljinga 1891. Registrert med 2 bueiningar:

Bustadnr. 071

Borger P. Hvattum f. 1866, Kvam, Nord-Fron: Familiens overhode

Marie Karoline O. Hvattum f. 1862, Sødorp, Nord-Fron: Hustru

Paul B. Hvattum f. 1887, Sødorp, Nord-Fron: Sønn

Olga Kristine B. Hvattum f. 1888, Nord-Fron: Datter

Jørgen B. Hvattum f. 1890, Nord-Fron: Sønn

Nils E. Løften f. 1873, Nord-Fron: Tjenesteydende

Berte A. Stormyhrbakken f. 1872, Nord-Fron: Tjenesteydende

Rønnaug J. Stormyhren f. 1874, Nord-Fron: Tjenesteydende

Mathea O. Brendeløkken f. 1854, Kvam, Nord-Fron: Tjenesteydende

Marit J. Brendeløkken f. 1883, Nord-Fron: Datter, tjenesteydende

Bustadnr. 072

Tosten H Byhre f. 1816, Nord-Fron: Enkemand

Hans T. Byhre f. 1838, Nord-Fron. Ugift sønn

Da Borger kjøpte garden i 1886 inkluderte det også føderåd til Tosten Byhre.

Paul E. Hvattum

Paul E. Hvattum blei født på garden nordre Hvattum på Gran, Hadeland i 1840. Han hadde mykje «kremar» i seg, som vi seier, og i folketeljinga 1865 finn vi han som losjerande landhandlar på Vik i Kvam. Han er da gift med Gjørand Borgersdotter, også ho frå Hadeland. Men ho døydde av tæring allereie i 1868, berre 27 år gammal. Dei budde da på garden Forbrigd i Kvam. Paul flytta til Vinstra og gifta seg opp att med Rønnaug J. Elstad f. 1848, Ringebu. Han skjønte nok at Nørdre Byre låg an til å bli det nye kommunesenteret. Den nye Sundbrua vart bygt like nordanfor Søre Byre i 1867, og garden ville såleis bli liggjande strategisk til. Da var det naturleg at han kjøpte kjøpte den i 1872. Her bygde han opp nye hus og i 1875 kunne han halde fram med handelsverksemda si. Hvattum sette i gang med både landhandel og skysstasjon. Skysstasjonen var i drift fram til den fyrste verdskrigen. Hvattum handla mellom anna med skolebøker, og både skolestyret og foreldre kunne hente bøker hos han. Bygningen var så stor at han kunne leie ut til tannlegen i 2. etasje og trygdekontoret i 1. etasje. Paul Hvattum var også svært opptatt av turismen i kommunen. Han og Kristian Bø var blant dei fremste initiativtakarane da «Fronsbygdenes Turistforening» vart skipa i 1890, og desse stod også som sentrale som byggherrar da Feforhotellet vart bygt året etterpå. Paul E. Hvattum døydde i 1909 og sette varige spor etter seg på Vinstra.

Rønnaug og Paul Hvattum. Foto: H. H. Lie

Vinstra Hotell

Paul Hvattum skjønte fort at det i samband med jernbanen ville bli mykje liv og røre på Vinstra, og at det ville bli stort behov for fleire overnattingsstader. Han gjekk da i gang med å byggje hotell i nærleiken av der stasjonen var planlagt. I 1896 stod det praktfulle bygget i sveitserstil ferdig. Paul sjølv hadde naturlegvis ikkje tid til å drive hotellet. Derfor var det til å byrje med sonen Christian og dottera Aagot som var drivarar. Reint formelt er det også Christian som står som grunnleggjar. I 1939 blei hotellet modernisert og det kom til fleire bygningar rundt hotellet, mellom anna eit anneks. Dette vart på folkemunne kalla berre for «Skåbu», av di at det var mange skåbyggingar som overnatta der når dei hadde ærend til Vinstra. Så var det eit anna hus som Mathea og Olaf Brende dreiv kjøt – og fiskeforretning i. I folketeljinga 1900 finn ein to bueiningar når ein søkjer på Vinstra hotell: «Vinstra hotel» og «Vinstra hotel og landhandleri». I den fyrste bur stasjonsmeister Einar Ingwall Brandt med kone og seks barn.

Desse folka bur på «Vinstra hotel og landhandleri»:

Marie P. Hvattum f. 1873: «Hotelbestyrerinde»

Aagot P. Hvattum f. 1883: «Opvarterske»

Kristian P. Hvattum f. 1881: «Handelsbetjent»

Paul T. Skabo f. 1882, Skåbu: «Handelsbetjent»

Berte T. Sørslåen f. 1874, Skåbu: «Vaskepige».

Ragnvald A. Gjerløw f. 1857, Årdal i Sogn: «Handelsreisende»

Karl K. Lund f. 1874, Ringsaker: «Handelsfuldmæktig»

Bernhard M. Stalberg f. 1860, Nord-Fron: «Telegrafassistent»

Harald Myhre f. 1868, Lillehammer: «Bagermester»

Gustav Lunde f. 1872, Lillehammer: «Organist»

Arthur Tschudi f. 1861, Tønsberg: «Bogholder ved Mesna Brug»

Martinus A. Ring f. 1867, Lillehammer: «Bundtmager»

Jørgen Lundgaard f. 1869, Fåberg: «Handelsfuldmæktig»

Sigurd Hanestad f. 1868, Lillehammer: «Guldsmed»

Halvard Hanestad f. 1864, Lillehammer: «Telegrafinginiør

Gustav A. Engelstad f. 1859, Kristiania: Cand.philos. Kapist i forsvarsdep.

Anna O. Engelstad f. 1860, Kristiania: Frue

Dei fleste av desse står oppført som «logerende», dvs at dei leigde rom og budde der berre mellombels.

Fru Freng kjøpte hotellet i 1934 og det blei drive av denne familien heilt til banken kjøpte det til næringsformål i 1998. Hotellet vart rive to år etterpå og gav plass til rekneskapskontor og tannlege m.m.

Paul E. Hvattum bygde Vinstra hotell i 1896. Til høgre ser vi Peer Gynt-stugu som den gongen fungerte som bokhandel og kiosk m.m. Over taket skimtar vi manufakturforretninga til Ivar Jevne. Foto: J. Elstad.

Kremmarfamilie

Fleire av desse Hvattums-karane var driftige handelskarar og sette spor etter seg på Vinstra. Jørgen 1871-1953, sonen til Paul, bygde forretning like sørøst for Byregarden, det som no er kjent som Elvestad-huset (Vinstra Våpen). I 1900 finn ein han i Søre Risdal i Skåbu. Gm Mathia Paulsdotter Nedre Skabo f 1878. Der finn ein også sonen Paul f. 1900. Da dreiv Jørgen både butikk og pensjonat på Folkvang (Haanshus-garden eller Gilje). I 1904 sette han i gang med bygginga ovanfor Søre Byre og huset stod ferdig i 1908. I 1934 bygde Jørgen seg også privatbolig der Midt-Gudbrandsdal Energi A/S  held til i dag. Jørgen var truleg den fyrste som køyrde strekninga Vinstra-Skåbu med bil. Seinare kjøpte dyrlege Ruud Hvattums-eigedomen og hadde den til han bygde seg nytt hus på Nørdre Byre i 1934 («Teljehuset»). Han selde da til Petter Elvestad frå Fåvang f. 1900, som heldt fram med landhandel (saman med broren Tomas), kafé og etter kvart bensinsal. Her var det butikk fram til 1989.

Her har fotograf Rusten fotografert Vinstra frå vegen utanfor Sødorp kyrkje. Heilt til venstre ser vi «Byhre Bad», så skimtar vi Amundsen. Rett sør for Byregarden ser vi privatboligen til Jørgen Hvattum. Det store huset i enden av Byre-jordet er det gamle lensmannshuset. Det stod ovanfor det som i dag heiter Vinstra Hostel. Det var Karen Bryn, fyrste tannlegen på Vinstra, som bygde her. Seinare vart det både lensmannsbustad, skolekontor og ungdomsklubb. Huset vart rive rundt 1984.

Hroar f. 1915, sonesonen til Paul, var også kremmar. Han bygde åt seg ovanfor gamle E6 (omtrent midt imellom den gamle og den nye Sundbrua) og sette i gang butikk der. Denne butikken var i drift til fyrst på 1980-talet.

Vinstra fyrst på 1900-talet. Vi kan ikkje sjå den karakteristiske ysteri-pipa, så da må det vere før 1913. Men ysteriet ser ut til å vere under bygging. Til venstre ser vi eigedomen til Jørgen Hvattum. Fjøs og forretning på oversida av vegen. Beint imot butikken har vi «Sentralkafeen».  Seinare var det Petter Elvestad som kom hit. Deretter ser vi Solheim, eigedomen til Jon Skaaden. Rundt 1890 fekk han kjøpt ein gammal tømrabygning, som opprinneleg har kome frå Bakkerud i Skåbu og seinare var det setermeieri på Breistulen. Dette er det eldste huset på Vinstra i dag. Lenger til høgre, omtrent midt på biletet, ser vi Vinstra hotell med diverse hus ikring, bl.a. drengestove, stall og fjøs. Foto: Frå samlinga til Rønnaug Hvattum.

Av det gamle Vinstra som er omtalt i denne artikkelen, er det berre Amundsen-bygget, «Gammelbanken»,  Skaaden-huset, Elvestad (Hvattum), Gilje, halve Birkelund-huset, Pettersen-smia og ysteriet som framleis eksisterer. Her har vi riktignok ikkje behandla den synste delen av Vinstra. Der står det heldigvis att ein del hus, bl.a. Peer Gynt-stugu som vart flytta dit. Når det gjeld Amundsen så veit vi at det snart er ute av soga. Dette er svært tragisk å konstatere og no må ein berre kjempe vidare for å behalde det som er att!

Kjelder:

digitalarkivet.no

Ragnar Øvrelid: Historia om Fron

Per Ottesen: Heftet Vinstra – ein by blir født

Nora Stormyrbakken: «Jordmor Mathea i Nord-Fron» i Fronsbygdin 2012

Samtale med Helge Pettersen

0 Comments

Submit a Comment