Dyrlege Magnar Sletten fortel om dei 33 åra i Fron

Har lammet feber? Magnar Sletten (t.h.) og Jon Stebergløkken på Prestgarden. Foto: Åse Stebergløkken.
MAGNAR SLETTEN: Kona og eg opplevde mykje artig dei trettitre åra vi heldt på med dyrlegearbeidet i Fron. Ein gong kunne eg konstatere at ein hest rett og slett bad om hjelp, da han på beite hadde fått ein stiv grankvist i lysken og ikkje kunne flytte på seg. Eg kunne høyre at da eg kom, stod hesten og humra og prøvde å fortelja meg at han bad om hjelp.
Hesten stod heilt roleg mens eg tok ut den lange kvisten, og seinare når eg var der og reinska såret, sjølv kor smertefullt det måtte vera. Eg er helt sikker på at eg såg tårene trilla av hesten.
Eg kom ein dag til eit fjøs, der gardbrukaren hadde ringt om ei ku som nettopp hadde kalva, og der heile livmora hadde vorte trykt ut og låg bak kua i møkka i skantilen. Eit kosleg og svært hardt arbeid å få på plass att! Eg starta opp og arbeidde så sveitten rann. Og så plutseleg fekk eg sjå at eigaren låg med hovudet nedpå kua og hadde besvimt. Kva skulle eg gjera?
Jau, eg måtte berre avslutte å trykke inn livmora og ta meg av karen. Eg tok da tak i føtene hans og drog han inn på forbrettet, så hovudet kom lågare. Så var det berre å vente til han vakna og setja i gang att.
I slike tilfelle kunne ein kanskje tatil å tenkje på om ein hadde valt rett yrke her i livet. Men eg har ikkje angra på det ein dag.
Redigert utdrag frå artikkelen «Kvardagen for ein dyrlege» i Fronsbygdin 2006
0 Comments