
Farleg å skremme reinsdyra når dei fôr gjennom Fron! Foto frå lothiane.wordpress.com
IVER PEDERSEN FOSSEHAGEN: Ei tid, truleg i tidsrommet 1840 til 1880, kom det store reindrifter frå området rundt Røros den gamle Rørosvegen til Kvarvet. Herifrå tok dei seg ned i dalen, gjekk over isen på Laugen, fór så opp Nørdre Lia og vidare i retning Valdres. Truleg var dette sist i januar eller februar, og reinen fekk da kvile i området innover mot Sveiphuslykkja og Toftsetra nokre dagar. Under snøen kunne reinen finne mose til mat. Det blir fortalt at ein gong hadde det møtt fram så myje folk ved Skillestad for å sjå på reinsdrifta at reinen vart skremt. Ei «finnkjerinng» skulle ha da vorte svært sint for dette, og da ein av tilskodarane straks etter vart sjuk og var det meir eller mindre resten av livet, vart det spekulert på om ho hadde forgjort han.
Ein gong skulle samane hjelpe til da vintervegen til Kristensetra skulle kjørast opp i slutten av januar, da isen var sterk nok på vatna. Samane skulle drive reinen etter vintervegen, slik at han skulle bli fast og fin å kjøre med hest. Men reinen sette berre føtene nedi der andre hadde sett ned føtene før, og da vart det ikkje råd å kjøre med hest, fordi vegen var like laus som før.
Forteljing etter Iver Pedersen Fossehagen i artikkelen «Da sorenskrivaren ville ha seterveg» av Knut Fossehagen, Fronsbygdin 2010-2011.
0 Comments