Dæ va ein stygg mann og ei stygg øks

Møt Londin – nok eit vidunderleg portrett frå Ivar Kleiven

vinster2ok

Var det slik fisk han kjempa for, Londin frå Sødorp? Solveig og Erling Rønning med ein rugg på 6,4 kg frå Vinstervatnet. Bilde frå fiskeguiden.no

IVAR KLEIVEN: På Londe i Sødorp var det på byrjinga av 1800-talet ein uturmåta stor og sterk kar, som ikkje nokon torde gå i kast med ein mot ein. Han dreiv mykje på fiskjing i Vinstervatna både somar og vinter, og enda valdersan var redde for han, hende det imellom dei prøvde å setja opp uggan. Ein gang vart det stole flesk og ein tom fiskekopp i bua hans, det var nok ikkje mange å gjera val på, tykte Londin, og så gjekk han beinast borti bua til tre valderse som låg ved eit av vatna og la dei ut for tjuveri.

To av dei var heime i bua, men den  tredje var borte. Dei ville nå ikkje stå ved å ha stole, og Londin gjekk att; straks etter kom den tredje valdersen heim til bua og fekk høyre at Londin hadde vore i ærend hos dei, skulda dei for å ha stole flesk og ein kopp «som va så forbanna væl gjur´a». Å, dokk måtte teke han!» sa han som dei to fortalde dette til. «Ja, ´n va go´ å taka skull du sett – arman hass va som firhogne grinnhakar, kar!» svara dei to.

Ein annan gong dreiv den same Londin med isfiskje ved Vinstervatna og heldt nettopp på å hogg på fyrste holet, da han fekk sjå 10-12 valderse kom styvande som eit sterkt vær, og han tvilte på kva ærende dei fór i. Han hogde snøgt eit abragdsleg stort hol i isen, og da valdersan kom og etla seg til å jaga Londin av isen, tok han til å meie og vippe omkring seg med den langskafta isøksa si. Og det var ikkje hugleg å koma nær korkje mann eller øks, eller det store holet i isen – når han gjorde ein dugeleg svei med øksa i dei lange armane, rakk han så uendeleg langt bortetter flata, og best det var, fekk ein av valdersene hogge eine hælsteget unna skråa si! Nei, da fann dei det høvde best å gå sin veg. «Dæ va ein stygg mann, og ei stygg øks hadde han me´», vart det hermt etter dei.

Frå fiskeguiden.no:

I gamle dager sloss valdriser og frøninger om fisken i Vinstervatna. De skjøt på hverandre og sloss med isøkser sitt fantastiske matfat inne i fjellet. Siden har mye skjedd. Ved kraftreguleringen ble de seks Vinstervatna demmet opp til ett stort basseng, og i 1956 var man så uheldige å få siken inn i vassdraget. Om det var det gamle uvennskapet som førte til noen i Valdres satte ut siken eller om den kom med settefisk fra klekkeriet på Reinsvoll, vet man ikke. I alle fall stortrivdes siken. Den formerte seg raskt og var i ferd med å slå ut den berømte vinster-ørreten, da Espedalen Bygdeallmenning satte i gang med en storstilt utfisking. Steinar Baugshol ble satt på jobben, og i løpet av disse årene er det tatt opp over 100 tonn sik på garn og i storruser.

Ørretbestanden har tatt seg opp igjen. Den er blitt større og har fått tilbake den kraftige røde kjøttfargen, forteller Erling Rønning til Fiskeguiden. De med bruksrett i vannet har gått over garn med grovere masker. Fangstene blir deretter. Det er nå vanlig å få ørret på opptil kiloen og enda større, sier Rønning.

 

 

1 Comment

  1. Morten Været

    Hei! Det står i denne artikkelen Londe i Sødorp. Og karen Londin.
    Er det da Sødorp Sokn det henvises til.
    Londe er vel det samme som Lunde i dag og det er i Ruste, men da i Sødorp Sokn.
    Jeg har aldri hørt navnet Londe eller Lunde i bygda Sødorp.
    Kan noen oppklare dette for meg?
    mvh
    Morten

Submit a Comment