4 km på føtene, 3 km på sykkel og så bilsjuk på buss
OSKAR LETRUD: Konfirmanttida starta den gang med at vi møtte i Sødorp kyrkje til innskriving på ein tirsdag etter påske, der vi møtte prost Bjarne Nordrum,(1883-1962). Av folket var han nemt Nordrumen. Han var prest i Nord-Fron frå 1925 til han gjekk av i 1953, i tillegg var han prost i Midtre Gudbrandsdal prosti fra 1933 til 1952. Om vi var ein tur på Vinstra og møtte presten som bestandig hadde på seg svart dress og som ofte berre gjekk og trilla sykkelen sin, så var det vanleg å hilse pent, og da letta han på hatten.
Når eg skriv litt om denne tida, så er det med tanke på dei som er unge nå at dei skal få eit lite innblikk i den store forandringa som har skjedd på desse 66 åra.
Dette året var vi 82 støkker fra heile kommunen som møttes fra 11 forskjellige skulekrinsar. Det var før det vart ungdomsskule, slik at her møttes mange som ikkje hadde
sett kvarandre før. Ungdommer fra lengst inne i Skåbu, fra sør i Ruste, øverst i Sødorp og fra Bredebygden der kommunegrensa mellom Nord-Fron og Sel gjekk den gang. Desse fra nørst i kommunen og fra Kvam kom med toget dei fleste av dei. Det var og noen som hadde sykkel. Ei av dei som hadde lengst veg, omlag 70 km. tur-retur, var Olaug som kom fra nørst i Skåbu, frå Fantroa som ho seier sjølv. Navnet Fantroa var vel noko som var
brukt berre av dei i det område ho kom frå. Ho starta fra Elvenes som ligg nede ved Olstappen, 4 km på føttene i motbakke, så 3 km på ein gammel sykkel fram til samvirkelaget der bussen gjekk fra. Når ein så vart bilsjuk og måtte av bussen ved Tøftebua i Kvikne og spy, var det ikkje rart om det var gruvsamt og stille opp hos
Nordrum. Dette var enda mens vegen gjekk opp gjennom Liadalane.
Noen kom og fra setra der dei anten var budeie eller var med ei eldre budeie og hjelpte henne. Oddbjørg fortell at ho var med på setra på Fagerli og sykla fra der, Anne kom fra setra inne på Fiskdalen, ho tok da i vegen dagen før og overnatta hos ei venninne på Sulsetra. Og slik var vegen for mange, motbakke vart det eine vegen same kva seter ein kom fra.
Fyrste dagen fekk vi anvist plassen vi skulle ha, dei frå Sødorp på fremste benkene, gutene på eine sida og jentene på andre. Dei to som vart sittende fremst og ut mot midtgangen, fekk oppdraget med å telle; ikkje bestandig at antallet stemte. Om det var ein som skulle ha moro og gjemte seg ned i benken kunne han fort bli oversett. Dette var helst på guttesida fra ein av bakerste benkeradene, da kom det fra Nordrum: Har du glemt og telle
deg selv nå Johannes, når presten så tella, stemte antallet.
Dette året var det 17 jenter og like mange gutter fra Sødorp. Så vart kvamverene plasserte bak Sødorp, 15 jenter og 16 gutter og Kvikne og Skåbu bakerst, 9 jenter og 8 gutter.
Ein skulle da vere fylt 14 år før 15. juli for å bli konfirmert og eg som ikkje vart 14 år før den 23. juli, måtte forlate dette selskapet første dagen. Foreldra mine søkte dispensasjon for meg, noko som var ei enkel sak å få godkjent. Eg fekk møte opp att allereie neste tirsdag og det er noko eg aldri gløymer.
Fyrste dagen møtte vi da kl. var 12, eg spurte nokon av dei andre på skulen om vi skulle møte til same tid og fekk bekrefta det. Eg møtte opp litt før 12 i kyrkja og der var alle i gang med undervisninga. Da var eg ikkje mykje høg i hatten, dei hadde møtt kl. 10. Da kom det
fra Nordrumen: Jo se der kommer lille Letrudfar også. Det var ikkje sagt meir om det.
Undervisninga var nok mest repetisjon av det vi hadde lært i folkeskulen, der vi hadde hatt bibelsoge, katekisme, nytestamentet og ikkje minst mange salmer. Salmer som ein hugser mange av heile livet og da med Blix si salme «Med Jesus vil eg fara» som ei av dei mest brukte. Nordrum var ingen sanger, slik at det var heller dårleg med sang. Dei 10 buda, Fader vår og trusartiklane med forklaring lærte vi utenat. Bergpreika var noko av det som sto høgt i kurs hos Nordrumen, så den pugga vi.
Son til prosten, Johannes, var og utdanna prest, slik at han avløyste far sin eit par gonger. Vi måtte møte opp i kyrkja når det var gudsteneste og da vart vi høyrt att om tirsdagen kva bibelvers prosten hadde brukt som utgangspunkt til preika, da var det greit og ha med seg litt og notere på.
Her vart det denne sumaren stifta kjennskap og vennskap som ein har hatt glede av gjennom heile livet og ein treffer ofte att av desse som ein lærte og kjenne og som det er triveleg og ta ein prat med og mimre om konfirmasjons- og ungdomstida.
Slik like etter krigen så var det ikkje berre å gå på butikken og velge og vrake i stoff til ein bunad eller eit anna plagg. Dei av jentene som ikkje hadde stoff til bunad og skulle ha det, måtte få anvisning, og for og få det, måtte dei ha attest fra Nordrum på at dei var konfirmantar det året, og da fekk dei kjøpt noko som vart kalla krisestoff.
Ikkje alle hadde bunad, men i Kvam var det vistnok berre ei som ikkje hadde det og ho hadde kvit kjole. Gunvor var av dei heldige som fekk bunad. For å få nål fortel ho det slik:
I Megarda hadde vi ei gamal sølv teskei, med siseleringer, den vart ofra til glede formeg i kronesølje. Eg likar å tru at skeia er brukt i sølja, men det skal vel mye til. Bunaden er i bruk til høgtider i dag, men av min yngste dotter, Kristin. Det synes at den er godt brukt, men er verna og stelt med som eit klenodium.
Sølvbelte, slik som nå var ikkje teke i bruk. Dette var lenge før kappene som blir brukt nå var tatt i bruk. Bunadssko var og vanskeleg og få tak i, Olaug fortel at hennar sko var i største laget, men tjukke hoso og suler gjorde susen, så dei kippa ikkje, seier ho.
Så var den store dagen kommen da vi skulle stå fram på kyrkjegolvet for å bli overhørt.
6 okt. i Sødorp, 13 okt. i Skåbu, konfirmasjon var eit år i Skåbu og andre året i Kvikne.
Og så Kvam tilslutt den 20 oktober. Som vi veit, brende den gamle kyrkja i Kvam frå 1776
under krigshandlingane den 26. april i 1940. Kapellet og kyrkjestugu vart spart, om enn med mange sårmerke, og her i kapellet var vi da 31 støkker som sto oppstilt langsmed benkeradene og skulle svare på det presten spurte om. Vi viste ikkje på førehand hva vi vart spurt om, og det var nok mange spente både konfirmanter og foreldre. Ein viste ikkje kven som var den neste som vart spurt, presten kunne snu seg og spørre ein gong på eine sida og så pluselig på andre sida. Sjøl vart eg spurt i noko frå bergpreika og eit salmevers. Alle eg har snakka med, minnes at dei var høyrt i noko fra bergpreika.
Korleis dei andre feira konfirmasjon, og kva dei fekk som gåver veit eg ikkje, men for min eigen del så var det faddere og ei bestemor som utgjorde selskapet. Gåvene var 50 kr, barbersaker og sølv skjorteknapper.
Ein av dei første dagene etter konfirmasjon var det altergang. I Kvam meiner eg å hugse at det var torsdag. Og med det var studietida over for dei fleste og så var det ut i arbeid.
0 Comments