Under krigen var folkehøgskulen anstalt for «uskikkelige og usedelige» jenter

Nazistane la ei tung bør på folkehøgskulestyrar Lise Stauri. Dei to siste krigsåra måtte ho styre ein anstalt for tenåringsjenter som hadde skeia ut. Her er ho nokre år etter krigen.
Skadeleg. Farleg. Det sa nazistane om folkehøgskulen på Hundorp. Dei meinte at undervisninga i det grundtvigske livssyn var «oppviglersk virksomhet». Det var planer om å setja skulebygningane i brann. Men så fann NS-leiarane ut at skulestyrar Lise Stauri skulle få noko anna å bryne seg på, det vi i dag kanskje ville kalle utilpassa og utagerande tenåringsjenter, utsette for omsorgssvikt. Frå mai 1943 til august 1945 dreiv ho eit «skolehjem for vanartede piker.» Desse åra har det vore stilt om i ettertid. Her lyfter Rasmus Stauri på lokket. Han har gått til kjeldene og teiknar eit særs interessant tidsbilde.
RASMUS STAURI: Under krigen vart Gudbrandsdalens folkehøgskule på Hundorp stoppa og lagt ned etter påbod frå NS. Skolehjemmet Trogstad gård på Toten vart i staden flytt til Hundorp og fekk namnet Hundorp skolehjem. «Skolehjemmet» for «vanartede piker» vart oppretta 1. mai 1943 og nedlagt 20. august 1945. I ettertid har ikkje desse åra vore omtala eller påakta i særleg grad. Grunnane kan vera fleire.

Fylkespropagandaleiar Erling Linde under jonsokstemnet på Hamar 1943. Bilde frå Filmavisen 28. juni 1943.
I eit brev datert 23. april 1941 skriv NS-propaganda- og presseleder i Oppland, Erling Linde (fødd 1904, dødsår ukjend), eit brev til Lise Stauri (1882-1949). Ho styrde frå 1932 folkehøgskulen på Hundorp, Gudbrandsdalens folkehøgskule, og skuleåret 1940/41 gjekk mot slutten. NS følgde med på kva som skjedde på folkehøgskulen. Våren 1941 kom eit brev:
Til samtlige foreninger, lag og organisasjoner i Sør-Fron.
Iflg. forordning av 11.april d.å. frå N.S. Presse- og Propagandaavdeling i samråd med Kultur- og Folkeoplysningsdepartementet, og iflg. Politifullmakt av 23.april d.å., skal underskrevne sensurere offentlige teaterforestillinger og oplesninger i Sør-Fron. Stykker, dikt og vers etc. som aktes framført, må gjennomgåes av meg før framføringa. En må avtale tid på forhånd. Tlf 60, Harpefoss.
Harpefoss 23. april 1941
Erling Linde
Bør bli ein skule for NS
Dette var nye tonar i eit skuleslag der den frie tanken og den opne dialogen låg til grunn for skuledrifta. «Hvad Solskin er for den sorte Muld, er sann Oplysning for Muldets Frende» av N.S. Grundtvig låg i botn som det pedagogiske idégrunnlaget – livsopplysning og eigenutvikling og ein glad kristendom. Kontrastane til dei nye påboda kunne knapt bli større, og skuledrifta fekk med eitt andre arbeidsvilkår. Påbodet om sensur var eit faktum.
Det skulle gå vel eitt år frå dette skrivet til 26. august 1942, da Linde i eit nytt brev til Kultur og Folkeoplysningsdepartementet ved ekspedisjonssjef W. Klevenberg krev omfattande forandringar. Etter fyrst å ha skrive om skuleplasseringa på Hundorp foreslår Linde at folkehøgskulen blir ein skule for NS, og kallar den framtidige skulen eit «kulturinstitutt». Linde grunngir dette med at er nok med ein folkehøgskule i dalen, Gudbrandsdal fylkesskule på Ringebu. Han vil ikkje «rasere ungdomsskulane, sjølv om desse er åndlause vortne», men han vil heller «føre ny ånd inn i desse skulane».
Fru Stauri «er heilt utan ånd»
Men den viktigaste innvendinga mot skulen på Hundorp og at denne skulen måtte nedleggjast, var den ideologiske profilen og innhaldet i skuledrifta. Skulen har sidan 1932 «vorte meir og meir ein rein yngleplass for ei merkeleg blanding av liberalisme og marxisme. Fru Stauri, som arva styrarstillinga etter mannen sin, er ei dyktig forretningskvinne som skjønar seg godt å lage reklame for skulen sin. Men ho er heilt utan ånd. Det ho har å fara med i så måte, er lånte saker alt i hop», skriv Linde.
Du kan lese meir om Lise Stauri og Gudbrandsdal Følkehøgskule her.
Grove «attestar»
Deretter skriv han om alle som var tilsette ved skulen, der han karakteriserer lærarane ved folkehøgskulen.

Sonen til Lise Stauri, Are Stauri, fekk NS-karakteristikken «ein evnelaus gut» . Den komande styraren fekk ein slags vaktmeisterjobb på skulen.. Bildet er frå 1946.
Faste Forfang var tilsett ved skulen og budde på Hundorp gard. Han hadde vore styrar ved folkehøgskulen på Ringsaker, og vart karakterisert som «ein slu kar, som kan gjera mye gale i denne tida». Are Stauri arbeidde også ved skulen, og han fekk karakteristikken «ein evnelaus gut». Svigersønene til Lise Stauri, Kaare Hernæs, Hermann Solås og Ingvald Skaare, blir også omtala, og karakteristikken av Hermann Solås er slik: «ein heilt umogleg kar». Linde skriv at «I det heile trongst eit nytt regime på folkehøgskulen», og han konkluderer på denne måten:
I det heile lyt eg sjå på denne sak som ei viktig sak for oss. Det trengst ein ny Kolbein Sterke på Hundorp. Eg gjer framlegg om:
- at Gudbrandsdalens Folkehøgskule blir nedlagt
- at eigedomen vert overteken av Kultur og Folkeopplysningsdepartementet ved kjøp eller rekv.
- at det på staden vert reist ein skule for norsk kultur. Eg bed Dykk ta denne saka opp til dryfting, og vil gjerne stå til teneste med opplysningar som vert kravde.
Heil og Sæl!
Erling Linde
Fylkesprop. Leder
Planer om brann
Umiddelbart vart det ikkje reagert frå Kultur og Folkeopplysningsdepartementet, men våren 1943 kom beskjeden om at skulen skulle leggjast ned, og Skolehjemmet Trogstad gård, som var «skolehjem» for jenter, skulle flyttast frå Skreia til Hundorp og ta namnet Hundorp skolehjem.
Skolehjemmet vart derfor starta frå 1. mai 1943 med andre elevar og berre jenter.
Fram til drifta av Hundorp skolehjem eksisterte det også seriøse planer om å setja skulebygningane i brann, fortalde Eyvind Solaas (1937-2011), son til Liv Stauri Solås (1909-1981). Dagny Wedum (1922-1994), kom til Hundorp som assistent hausten 1944, kunne også stadfeste dette, og ho hadde svigermor si, Lise Stauri (1882-1949), som kjelde. Folkehøgskulen med sin ideologi og praksis var uønskt.

Lise Stauri med jentekurs på folkehøgskulen i 1938. Fem år seinare fekk ho heilt andre jenter å halde styr på.
Avtale frå mai, 1943
Det var Kyrkjedepartementet ved «Direktoratet for skolehjemmene» som bestemte vilkåra for Hundorp skolehjem. I brev datert 14. mai 1943 blir vilkåra for leigekontrakt sendt for «skolehjem for piger». Her var det ikkje rom for spørsmål eller justeringar. Vilkåra var å sjå på som eit diktat, ein ordre. Departementets krav til anlegget var detaljert utforma. Heile skuleanlegget skulle disponerast av «skolehjemmet», ein mindre del av hovudbygningen fekk Lise Stauri ha som privatbustad. Hundorp skolehjem skulle overta alt inventar, som kjøkkenutstyr, servise, skulemateriell, sengeutstyr, unnateke ullteppe, handklede, laken og putevar. Det som måtte kjøpast, skulle godkjennast spesielt. Inntektene frå dei årlege nordiske sommarkursa sidan 1908 fall bort. Inntektene til Lise Stauri og dei andre måtte reduserast. Ho gjekk frå kr 8000 i årsinntekt ned til kr 6000, og det vart vurdert som «rimeleg» og «rett». Staten betalte 14 000 kroner i årleg leige.
Jenter utsette for omsorgssvikt
Lise Stauri fekk ansvaret for styringa av «skolehjemmet» med krav om kvartalsvis rapportering til departementet. Alle tilsette måtte ha særskild godkjenning på nytt, og attestar skulle sendast departementet.
Så langt ein kan forstå, ligg det likevel i kontrakten eit visst rom for skjønn og lokal styring, ikkje minst på det pedagogiske planet. Derfor var det viktig å knyte til seg folk med evne til å tole dei påkjenningar som måtte melde seg, sidan elevgruppa var ungdom med mindre eller større åtferdsvanskar, «vanartede piger», jenter utsette for omsorgssvikt, kunne vi også seia. Nokre få ulønna medhjelparar vart trekte inn. Det var ikkje minst vener av Lise Stauri.
«Fra dårlige hjem»
Den sosiale bakgrunnen til den enkelte varierte. Terskelen for å bli sendt bort kunne også variere frå elev til elev, og i dag vil vi nok synast at denne terskelen var låg.
I ei oppsummering frå Lise Stauri etter krigen er dei ulike grunnane nokså ufagleg og omtrenteleg oppsummert. Av 32 elevar blir 19 i plassert i kategorien «uteliv». Kva dette inneber konkret, veit vi ikkje. To blir karakterisert å ha kome frå «dårlige hjem», ei for å vera tjuvaktig i kombinasjon med «uteliv», ei anna får karakteristikken «usedelig» og så vidare.
Framferd utanfor definerte normer i krigstid ser ut til å kvalifisere for eit opphald på eit «skolehjem» I dag vil vi nok sjå på dette med andre augo, men krigssituasjonen gjorde totalbildet og vurderinga annleis. Helsa til den enkelte varierte også. Somme kom med sjukdom, «skabb, brennkopper og annet vemmelig utslett» (rapport frå juli 1944).
Mellom 14 og 19 år gamle
Frå 1. mai 1943 til 20. august 1945 var i alt 41 unge jenter innom «Hundorp skolehjem». Elevoversynet når det gjeld personopplysningar, som er utanfor offentleg innsyn, syner iallfall at dei fleste er fødde mellom åra 1925 og 1930. Dei fleste er fødde i 1926,1927 og 1928, den yngste har 1930 som fødeår, og den eldste 1925.

NS vurderte å brenne ned dette huset for å få slutt på «oppvigleriet» på folkehøgskulen. I staden flytta dei inn «vanartede piker», dei fleste frå Oslo-området. Paradokset er at ein påsett brann øydela huset i 1987.
Heimstaden for langt dei fleste er oppført som Oslo, men da innrekna Asker og Bærum. Berre 12 har heimstad utanfor Oslo-området. Dei budde på folkehøgskulen frå mai 1942 til august 1945, og dei fleste vart utskrivne i skuleåret 1944-45, den siste sommaren 1945 før 20. august, da skuleheimen vart formelt lagt ned.
Utan at det går fram, kan det sjå ut som det var Lise Stauri som vurderte utskriving av den enkelte, anten det var snakk om heimsending eller overførsel til andre institusjonar. Snittalderen for alle elevane i åra 1943-45 var 17,98 år. Somme vart også utskrivne ut på prøve, og dette vart rekna kvartalsvis. Til dømes var tala for juli, august og september 1944 slik: Fem elevar vart utskrivne på prøve, og frå 1. mai 1943 til 30.9.1944 vart 23 elevar utskrivne. Det betyr at fleire hadde stuttare opphald på Hundorp, og at elevtalet varierte. Elevtalet per 30.6. 1945 var 25. Det vart liten stabilitet og kontinuitet over ei slik drift.
«Forbetringsansalt»
Liten kontinuitet og stabilitet gjer at ein ikkje kan bruke ordet «skuleår» i vanleg forstand. Sosial læring og danning i folkehøgskulens ånd var viktig, både oppseding og fagleg kunnskap. Sjølv om det ikkje er sagt i klare ordelag, er det klart at Hundorp skolehjem var ein «forbetringsanstalt» og ein «oppbevaringsanstalt».
Etter krigen vart også mange sendt til andre «skolehjem» i andre delar av landet. I sluttdokumentet, datert 20. august 1945, skriv Lise Stauri :
Disse 41 elever har vi hatt på Hundorp skolehjem i denne tid vi har hatt skolehjemmet. Vi har de beste forhåpninger til disse elever, men tiden vil vise om vi blir skuffet.
Det vil vi ikkje få svar på. Korrespondansen som gjeld elevane og opplysningar om desse, er sensitive og derfor også klausulert etter gjeldande regelverk. I dette tilfellet i 100 år frå 1945.
Dagny Stauri oppsummerte slik i august 1993:
Det var mange fine jenter, mange betremannsbarn, men som altså hadde «skeia ut». Vi såg så mange som hadde det vanskeleg med seg sjølve og som trong hjelp og støtte. Det var mange tunge, unge skjebner. Vi var ikkje fagfolk og måtte berre bruke eit sunt skjønn på beste måte.
Mangel på ressursar
Vi får eit godt innsyn i den pedagogiske arbeidet og kva som vart vektlagt i skuledrifta desse åra, trass i store utskiftingar av elevar og mange ulike elevbakgrunnar. Ein prøvde å halde eit høgt aktivitetsnivå året igjennom. I tillegg til teori og praksis vart elevane aktivisert gjennom opplesing, leik, song. «Det krever meget av vakthavende, men det har gått fint», skriv Lise Stauri. Ein gong kvar månad, viss nokon hadde åremålsdag, prøvde ein å samle dei med gode kaker, dessert og underhaldning av ulikt slag. Det vart sett stor pris på.
Kombinasjonen av praktiske aktivitetar og teoretisk opplæring er kjernen i den pedagogiske profilen. Men utfordringa var sjølvsagt det vi i dag kallar «ressursar»:
Arbeidsmateriell har vi absolutt manglet. Noe garn til strømper og votter har vi skaffet oss, men elles er det for det meste omsying av gammelt tøy, lapping og stopping. Men det er utrolig kva de har lært og hvor mange pene kjoler, kåper og undertøy som er laget likevel. Arbeidet har i det hele gått bra. For oss alle er jo dette et nytt virkefelt, men vi har lagt all vår arbeidskraft, evner og vilje i virket.
avsluttar ho i ein oppsummerande rapport frå juli 1944.
Vanskeleg, men ikkje håplaust
Men fyrst 20.august i 1945 vart alle elevane sende heim eller i postar, fleire vart også sende til andre «skolehjem», etter spesifiserte lister. I eit brev frå 25. mai 1946, da den ordinære drifta var komen i gang att, skriv Lise Stauri at
vi har alle arbeidet med interesse og har gjort alt vi kunne for å gjøre oppholdet og undervisningen så god som mulig. Selv lærte jeg meget i dette vanskelige, men ikke håpløse arbeidet.
I dei åra Hundorp skolehjem var i drift, vart i alt 41 jenter sende til Hundorp. Dei siste reiste rett etter at «skolehjemmet» vart avslutta og eit nytt folkehøgskuleår skulle ta til. I eit oppsummerande notat frå januar 1946 skriv Lise Stauri til Kirkedepartementet, Direktoratet for skolehjemmene følgjande rapport om den daglege undervisinga og om verksemda elles i desse åra.

Dei fekk undervisning også i handarbeid, desse «vanartede pikene». «Håndarbeide: omsyning av gammelt tøi, strikking av strømper, votter og kufter. Blåtøykjoler, forklær og natt-tøy. Stopping og lapping ble de flinke til.» Her er medsystre på skulen 10 år seinare.
Disse stakkars småpiker
Den pedagogiske profilen
«Elevene er delt i to partier etter evner og kunnskaper. Stiler skrives hver uke. Diktat og gjenfortelling. I norsk muntlig er gjennomgått ordklasser og setningslære. Elevene utarbeider foredrag, spiller skuespill og har gymnastikk og anstandsøvelser og taleøvelse.Regning: De 4 regnearter er gjennomgått, brøklære og renteregning for de viderekommende.
Historie: Norgeshistorie, og efter freden fortalte vi om alt som var hendt ute i verden.
Religion: Alle har hatt bibelhistorie, katekismus og samlevers. Bibeltime hver uke. Sang: Både korsang og unison sang.
Håndarbeide: omsyning av gammelt tøi, strikking av strømper, votter og kufter. Blåtøykjoler, forklær og natt-tøy. Stopping og lapping ble de flinke til.
Vask og renhold: Vi har 3 arbeidspartier: Kjøkken, håndgjerning og vaske- og uteparti. Partiene skifter hver uke. Elevene setter selv sine rom istand. Hver fredag hovedrengjøring på elevrum og stuene. Vask av gangtøi hver tirsdag. Senere i uken stryking og istandsetting.
Kjøkken: Det legges vekt på å skaffe et godt og nærende kosthold. Det er vanskelig i disse tider når både kjøtt og fisk er vanskelig å få tak i. Arbeide med maten må til. Elevene er meget opptatt av matstell og husstell. De har kostlære 2 timer om uken, og spebarnstell 2 timer. Flere elever har vært hos legen og tannlegen.
Om kveldene samles vi til opplesing, leik og sang. Det kreves meget av vakthavende, men det har gått fint. Hver fødselsdag har vi selskap med god mat og underholdning. Elevene holder selv tale for hverandre, og lærer sig i det hele å opptre. Det er kvelder de setter pris på. Besøk av foreldrene har ikke vært så ofte som før, for det har vært vanskelig med reisetillatelse. Det har vært mitt håp at vi skulle få sende alle elevene i post eller til sine hjem, når vi skulle oppløse skolehjemmet her på Hundorp.
Den 20. august reiste jeg med de siste elever til Oslo. Det var bare 7 av dem som kom på hjem. 5 kom til Bærum Skolehjem og 2 til Åsgård. De andre kom ut i poster og noen til sine hjem.
Det var underlig å ta avskjed med disse stakkars småpiker, som vi var blitt så glad i og som var knyttet til oss med sterke bånd. Hele personalet er enig om at vi har lært meget i denne tid vi har hatt skolehjem, og vi håper at vi har kunnet gi disse unge noe godt på livsveien, har fått vært med og ranket ryggen og gitt dem mot og kraft til å ville leve et godt menneskeliv. Det var naturligvis meget å ordne, pakke sammen. Ulltepper og skolebøker er satt bort på mitt stabbur og blir stående der til Direktoratet sender bud etter det.
Praktisk livsmeistring
Denne oppsummeringa er skrive i tråd med hennar syn på ungdom og på hennar livssyn. Det er lagt vekt på å skape positive og byggjande haldningar. Dei mange problema og utfordringane er derimot ikkje omtala. Utfordringane i kvardagen var mange, orden, ein felles praksis, ein disiplin, ein kultur. Å arbeide mot praktisk livsmeistring stod sentralt, der særleg heimen og heimlege aktivitetar stod i sentrum. Å få innsyn i den praktiske kvardagen vart vektlagt som ein føresetnad for eit leveleg og funksjonsfriskt liv utanfor skulen. På den andre sida galdt det å skape ei tilpassing til normal skuledrift så langt det let seg gjera etter prinsippa og innhaldet i den tradisjonelle folkehøgskulepedagogikken. Tradisjonelle kvinneverdiar i heimen står sentralt, nøysamheit og nøktern forvaltning av det ein hadde å klare seg med i ei trong tid var naturleg.
Ikkje fagfolk, men medmenneskje
I oversynet Lise Stauri gav til Kyrkjedepartementet og «Direktoratet for skolehjemmene» skin det igjennom at drifta likevel var grunnfesta på den frilynde folkehøgskuletanken, slik han vart driven på Hundorp i mellomkrigstida. I kor stor grad ein lykkast med dette, er uråd å slå fast i ettertid, sidan alle samtidsvitna er borte, og det ligg heller ikkje att dokument som kan kaste lys over korleis ein lykkast med å tilpasse og hjelpe den enkelte vidare i livet. Dei var ikkje fagfolk, men måtte vera medmenneske.
Opplysningar om elevane og korrespondansen om desse er klausulert i 100 år frå 1945, slik regelverket er. I arbeidet med denne artikkelen har eg såleis ikkje hatt innsyn i denne delen av skuleheimsdrifta, elevbakgrunnen og situasjonen til den enkelte. Men det seier seg sjølv at kvardagen var så langt frå konfliktfri og problemlaus. Det galdt ikkje minst spørsmål om normer og verdiar, og om haldningar og sosial trening. Både elevane og dei som vart sett til å drive skulen vart sett på mange prøver og utfordringar. Det måtte liggje ei sterk spenning i dette, der ein måtte finne kompromiss og utvegar kvar dag.
I private samanhengar omtala Lise Stauri ein gong elevane som «de uskikkelige», fortel Lise Solaas om bestemor si (2011). Ho vart i desse åra beden om å setja opp gjerde rundt eigedomen for å hindre dei unge i å rømme, men det vart aldri gjort. «Dette er en skole og ikkje et fengsel», var svaret. Det vart aldri sett opp gjerde.

Krigen hadde andre offer. Her avdukar Lise Stauri minnestein over Bjarne Lien som fall i aprildagane i 1940. Han var i to år elev ved skulen før krigen.
Dei tilsette
Ingen av dei som arbeidde ved Hundorp skolehjem var medlemmer av NS. Dei som hadde arbeidet sitt ved folkehøgskulen dei fyrste åra av krigen, fekk halde fram, men etter spesiell godkjenning av styresmaktene. Direktoratet for Skolehjemmene skulle leige den etablerte skulen til krigen var slutt. Ifølgje kontrakta var det ei oppseiingstid på tre månader.
Nedslite skuleanlegg
Dei tilsette på «skolehjemmet» var Petra Engelien, «kjøkkenlærerinne», Borghild Jensen, «håndgjerningslærerinne». Det var tre «assistenter», Dagny Wedum, Jorunn Beck og Mali Seljabø, alle tilsett i åra 1943-45. Dagny Wedum var i hovudsak «vaskelærerinne». Are Stauri var vaktmester, tilsett frå 1. mai 1943. Han var før tilsett som lærar ved skulen. Dokter Nyseth og tannlege Kleppan i Sør-Fron var tannlege for Hundorp skolehjem. I budsjettframlegget for 1943-44 var det sett opp kr 400 til å dekkje utgifter medisin og tannpleie. Totalbudsjettet i driftsåret 1943-44 var kr 67.183. Det galdt alle utgifter til løn og drift og anna som departementet dekte, men etter nøye vurderingar. Det galdt heile tida å halde streng økonomidisiplin. På elevromma var det gardiner av papir da freden kom, og skuleanlegget var nedslite og bar tydelege preg av hardare drift enn før krigen.
I eit brev til Kyrkje- og Undervisningsdepartementet datert 20.mai 1945 ber Stauri om at dei som arbeidde på Hundorp under skuleheimstida vart innsette på nytt, da dei formelt vart ledige etter at krigen var over 8.mai 1945.
Mange praktiske spørsmål
Etter tvangsstenginga av folkehøgskulen våren 1943, reiste det seg mange nye spørsmål om budsjett og økonomi og ikkje minst spørsmål om utstyr til skolehjemmet. I fleire brev til direktør Varn i Departementet stiller Lise Stauri opne spørsmål, og tonen er i det heile vennleg og spørjande av typen: «Er det jeg som skal sette opp budsjettet for 1943-1944? Men det er vel Direktoratet som gjør det?»
Det går fram frå korrespondansen at Lise Stauri i stor grad måte ordne med og leggje til rette for elevane. «De 65 ullteppene blir for lite til vinteren, så jeg burde se om ullvarefabrikken kan gi meg noen». Breva er underteikna «Ærbødigst». Premissane er sett, det praktiske laut ordnast lokalt. Tonen frå Lise Stauris side er svært imøtekomande, nesten servil i korrespondansen. Det ligg opplagt ein klokskap og teft i denne haldninga. «Her er så vakkert i denne tid. Alt står i blomst og hagen er tilsådd. Kom snart opp og se til oss!» skriv ho til Direktør Vern i Oslo, som styrde med Skolehjemmene (brev 27. mai1943). Han kom ikkje, men det galdt å finne ein balanse mellom integritet og servilitet.
Lise Stauri var sliten da det heile var over, men heldt motet oppe heilt til ho vart sjuk vinteren 1948, fortalde Dagny Stauri om svigermor si.
Nokre historier
Denne skribenten voks opp på folkehøgskulen, men åra med «skolehjem» vart aldri prata om, korkje privat eller offentleg. Det var år ein la bak seg, og nye oppgåver venta med oppattbygging etter krigen og nye utfordringar med utdanningseksplosjonen på 1960-talet og nye elevgrupper, ikkje minst frå byane. Nokre episodar av privat karakter vil det likevel vera på sin plass å referere frå desse åra.
Det siste halvåret Dagny Stauri (1922-1994) levde, let ho seg overtale til fortelja litt frå det indre livet på skulen. Ho kom som assistent i november 1944 og opplevde det siste året på nært hald.
Eg har aldri lært så mykje på så stutt tid. Den eg hugsar best var Marie Michelet. Det var ei markant dame, ho var myndig og heldt streng formaningstale til jentene. Men dei nærmest skratta og gjorde narr av henne, sjølvsagt.

Marie Michelet, som vart kalla «Misja» av jentene, med skarpt blikk og fast stemme
Marie Michelet hadde eit strengt kristensyn og var streng og moralistisk i sitt møte med dei unge jentene. Det var ein kveld Lise og Marie Michelet skulle opp i tredje etasje for å sjå etter dei. Så vart det ropt over gangen frå eit rom: «Misja, harru fått opp bibel´n?» Da sa fru Michelet: «Det høres ikke ut til å være de letteste å snakke til dette», men ho la til «Vi må ikke gi opp, vi må gjøre noe for disse barna, vi må ikke gi opp!» Ei dame frå Sør-Fron fekk seg referert denne episoden og kommenterte: «Men det kjem ittnå utur di!» Da svare Marie Michelet, som vart kalla «Misja» av jentene, med skarpt blikk og fast stemme: «sånt har vi ikke lov å si si, vi har ikke lov til å gi opp!»

Tyske offiserar og soldatar på Frya. Fekk dei besøk?
Tyske soldatar
Are Stauri (1912-1972) var lærarutdanna på Hamar lærarhøgskole. Under skuleheimstida på Hundorp var han vaktmeister og fortalde svært lite om korleis dette vart opplevd, men ein gong fortalde han at han meir enn ein gong måtte reise ned til Frya, der det var militærleir for å høyre etter om nokre av dei tyske soldatane hadde vore i kontakt med «skolehjemsjentene». Det hende dei ikkje kom att om kvelden. Militærleiren med tyske soldatar på Frya kunne derfor for mange vera ein freistande plass. Det låg ei spenning i dette. Ein gong han var på Frya med foto av dei som mangla, vart nokre soldatar kalla inn. Dei hadde oppført seg ureglementært ifølgje leiinga i leiren og ikkje kome inn til rett tid. På spørsmål om nokre av jentene var kjent for tyskarane, var dei ein gong ein soldat som røpa seg ved å peike på fotoet av ei av dei og sa: «Da ist ja die deine» (der er di)!
«Disse stakkars småpiker»
Lise Stauri, «høgskulemor», som ho gjerne likte å kalle seg, og vart kalla, legg likevel til nokre liner til slutt i notatet som vart sendt departementet etter krigen. Ho skriv at det var «underlig å ta avskjed med disse stakkars småpiker, som vi var blitt så glad i og som var knyttet til oss med sterke bånd». Dei hadde lært mykje i denne tida, skriv ho og «vi håper at vi har kunnet gi disse unge noe godt på livsveien, har fått vært med og ranket ryggen og gitt dem mot og kraft til å ville leve et godt menneskeliv».
Etter krigen måtte alt ryddast vekk, ulltepper og skulebøker for å gjera klar til ein normal skulevinter. Det var mykje å gripe tak i når det gjeld opprydding og generelt reinhald, få ned papirgardiner på romma og erstatte desse med tøygardiner, i det heile gjera skulen i stand så langt ein hadde tid og ressursar, da skulebygga vart rimeleg nedslitne etter skuleheimstida.
Asborg Hegge frå Sør-Fron (f. Fevolden, 1923) var sist på 1930-talet på Hundorp for å hjelpe til på nokre sommarkurs, og vart spurt om å koma Lise Stauri til hjelp privat. Lise likte ikkje at «Vesla» som ho vart kalla, skulle blande seg med skulejentene og leike med desse – det kunne vera farleg for henne, og den sjansen ville Lise ikkje ta.
Gjester på Hundorp
Under krigen og seinare vart det ført gjestebok på Hundorp. Folk som kom innom, skreiv helsingar og små tekster om korleis dei opplevde å vera på Hundorp, akkurat som vi skriv i ei hyttebok. Det er påfallande at lite blir teikna ned og fortald om på bakgrunn av den spesielle situasjonen ein var i. Det er grunn til å tru at ein vakta seg for dette, men somme skreiv det som låg dei på sinne. Mellom desse er Martinus Høgåsen, den mangeårige redaktøren av Årbok for Gudbrandsdalen og ein markant norskdomsmann. Han skriv dette vesle diktet 8. september 1944:
Norske no vil vi vera!
Ikkje berre på halving,
ikkje lunke og kaldt.
Ikkje berre tena
landet vårt, Noreg, med munnen –
Med det eitt skal vi vera
Til inste hjartegrunnen.
Takk for alt!

Martinus Høgåsen (1900-1964) var ein uredd mann og kjær gjest på folkehøgskulen. Her står han mellom Hans Baukhol og O. Broløkken på arbeidarstemna på Hundorp i 1928. Foto: Pål Kluften.
Privat sørgde Lise Stauri for å ha eit gjestfritt hus med fleire gjester. Ein av desse skriv dette: Her på Hundorp fann vi ljos-varme-trivnad, i ei mørk og kald og sorgfull, trong tid. Fleire skriv med vekt på dei same menneskelege verdiane, der hjartevarme og godt samvær rådde. Etter krigen i august 1945 skriv Marie Michelet dette: Nu er vi et frit folk -vi takker dig Gud som os førte fra krig og trængslene ut. Gratulerer med dagen, med frihet og freden. O, Herre, vær hos os og hellige glæden.
Sluttord
«Det er vanskelig å få noen til å se etter elevene, når de er kommet fra oss. Jeg skriver ofte til dem» (brev til Direktøren for skolehjemmene 1. oktober 1944).
I ei 85-årig skulesoge er vel to år lite. Grunnane til at desse åra ikkje er omtala, er nok at dei var så spesielle og i den store samanhengen å rekne som litt uvesentlege. På den andre sida – dei var viktige, da åndsverdiar og ideologi for alvor vart sett på prøve. Men liv gjekk ikkje tapt, og kanskje fekk «skolehjemsjentene» eit grunnlag for å gå vidare i livet etter krigen og forme seg gode liv? Dei som lever i 2020 er mellom 90 og 95 år.
Kjelder
Dokument i Riksarkivet, Oslo
Dokument i Statsarkivet, Hamar
Dokument i arkivet etter Gudbrandsdalens folkehøgskule
Memorat frå Dagny og Are Stauri
Gjestebok på Hundorp
Intervju med Asborg Hegge, Sør-Fron, 2017
Intervju med Lise Stauri Solaas
Artikkelen er henta frå Årbok for Gudbrandsdalen 2017:
Ein av dei viktigaste artiklane er skriven av lektor Rasmus Stauri og handlar om Gudbrandsdalens folkehøgskule på Hundorp under andre verdskrig. Svært få kjenner til denne historia, som langt på veg vart fortia etter krigen. NS-regimet stengde i 1943 den frilynte folkehøgskulen av ideologiske grunnar og etablerte i staden eit «skolehjem» for unge jenter som hadde kome skakt ut i livet. Folkehøgskulestyrar Lisa Stauri måtte motvillig stå for drifta dei to siste krigsåra, og komande styrar Are Stauri fekk ein slags vaktmeisterjobb på skulen.
ingen vanartige gutter og menn nei. Som vanlig også i etterid og pr dags dato er det jentene som får svi. Mannfolk har ikke ansvar verken da eller nå. Og kvnnfolk formerer seg som kjent ved knoppskyting da som nå. Om storbonden pula tjenestejentene er det alltid jentene som har skylda UANSETT.