Ulvei trollkjerring

Sjå opp for ho Ulvei!

IVAR KLEIVEN: I Skuthella ovanfor Kjorstad budde det eit jutulkvinnfolk i utgamal tid, før St Olav kom og innførde kristendomen her i dalen. Ho kallast Ulvei, og da det vart bygd kyrkje på Fron og kyrkjeklokkene bar til å ljome utover bygda, vart ho Ulvei så sint, at ho kasta to digre gråsteinsheller etter kyrkja. Til all lykke rakk ikkje nokon av hellene fram, men datt ned nordafor kyrkja på grunnen til Listad. Kyrkje og kristendom var ho hataug på, men da ho endeleg rauk med og skulle i jorda, var det nok meininga at ho skulle til kyrkjegarden, men ho var så styggeleg tung, at det var umogeleg. Dei kjørde ho med 12 gampar, men dei orka ikkje dra ho lenger enn dit, der dei to steinhellene hennar datt ned, da ho kasta etter kyrkja. Og så reiste dei desse steinhellene på grava hennar: den største, stor som noko merralass, vart reist over bringa. Den andre hella er berre helvta så stor, og ho vart reist over knea, men ho har vorte øydelagd. Mellom dei to steinane var det minst to meter, og derfor må ho Ulvei ha vore eit utur måta vørkje, så det var ikkje rart at det kniptest med å få kjørt ho til grava.

(Frå Fronsbygdin 1930) Publisert her første gong 1. mai 2014

1 Comment

  1. Geir Haverstad

    Ein kan høre etterkomere etter Ulvei ule nå au, når det er storm opå Kvarvet ule det frå upi Augedalen .
    Kan nok høres ut som det er frå Skuteil det ule.
    På 1600 talet vart elva Augla kalla Ula i fleire dokument.

Submit a Comment