Segner om Vis-Knut

by | 27. des 2014 | Biografiar, Folketru | 0 comments

Tidleg på 1930-talet samla elevar ved Skåbu skule inn segner. Som takk. Grosserar og generalkonsul Nils Tønder Bull frå Oslo kjøpte Fjellheim i Skåbu i 1930. Han tok i bruk plassen som feriestad og vart svært interressert i Skåbu. Han gav mellom anna døypefonten da bygda fekk eigen kyrkje i 1927, og han kjøpte inn ein del utstyr til skolen i Skåbu. Som takk for dette laga barna ved skolen eit fint hefte, som dei overrekte han. Innholdet var segner og teikningar frå Skåbu. Her er det ôg segner om Vis-Knut.

Han Vis-Knut tok til å få visdomen sin ein gong han skulde til kyrkja. Han gjekk til grannegarden dagen fyrr, og der var han natta over, og om morgonen då han skulde til kyrkja, tok han beinast gjenom åker og eng, men det syntest ikkje spor etter han. I kyrkja var det altargang, og han Vis-Knut au gjekk til altars. Men da han kom attende frå altaret, uveta han. Og då han årekte seg att, var han vis vorten. Frå den dag sat ikkje luve på han.

Det var eingong ei kjerring som spurde han Vis-Knut etter noko, og ho tok med seg noko ull til han. Men som ho kom på vegen eit stykke, tykte ho at ho hadde teke med seg for mykje. Og så gøymde ho att noko under ei gran. Men då ho kom til han og vilde gje han ulla, sa han: “Ha ulla di du kjerring, og ta med deg att detta du la under grana au.”

Ein gong Vis-Knut var i lauvskogen, tok det til å stridregne, og då tok han ein lauvkjørv som han skulde halde over seg. Men han sleit seg frå han . “Eg fekk nok ikkje da denne hell eg,” skulde han ha sagt.

0 Comments

Submit a Comment