Ta turen til biblioteket på Vinstra 30.10.

Torsdag 30. oktober kl 18 legg dei fram den andre årboka si, dei to nye redaktørane Geir Paulsrud og Erling Skurdal: Fronsbygdin 2025. Har dei grunn til å vere nøgde med jobben dei har gjort? Avgjort. Eg har bladd gjennom boka og lese litt her og der og funne mykje som kan få ein til å leggje frå seg skjermen og kose seg med boka i godstolen. Litt justismord for dei kriminteresserte, slektshistorie, portrett av både kvinner og menn og mykje anna. Møt redaktørane og boka på Nord-Fron bibliotek torsdag 30. oktober kl 18.
![]()

0 Comments