Den blinde hestgjelkaren

Bilde frå veganerliv.com

IVAR KLEIVEN: Det er ennå att minne om ein sjølvlært dyrlækjar på Fron med eit godt namn, Ole Ånnehaugen. Han var ein dugeleg hestgjelkar og dreiv mykje med det, både i Fron og Ringebu. Langt attende var hestgjelkinga eit «uærleg» arbeid, og det var langfantane (taterane) som skar hestane i alle bygdene her på Austlandet, og dei skulle vera dugelege til det ôg. Fantane «råskar» hestane, dei brukte ikkje klomre, som det seinare vart gjort, men dei bøtte att dei største blodårene med silketrå.

Ånnehaugen klommerskar, men da husdyrtrygdelaga kravde godkjent dyrlækjar til hestgjelking, minka dette arbeidet bort for Ola, og det vart mest doktering av nautskrytjyr han heldt ved med. Til det vart han henta til alle kantar, for han var dugeleg til å lækje sår og innvortes sjukdomar. Med kalvingskue var Ånnehaugen reint ein mester og berga livet på mange av dei.

Han var blind i lang tid, men dreiv med dyrlækjinga likevel og sa sjølv at etter at han mista synet, fekk han så mykje finare og gløggare kjensle.

Ole hadde eit eige lag til å koma seg med krøttera og fekk fare over dei mest han han ville, udyrslege (som eit udyr, ber seg åt som eit udyr; rå, vill). hestar fekk han stelle med, og dei fann seg rolege i det. Han kunne i somme høve skjøne ein sjukdom betre enn ein godkjent dyrlækar; såleis var det på ein gard at ein dylækjar hadde dømt ei ku av med livet, ho hadde «kvasst» i seg, trudde han, og kua måtte ikkje setjast på fleire år. Dagen etter trefte det til at Ola Ånnehaugen gjekk forbi garden. Han vart beden inn for å overfare kua. «Nei «kvasst (nål, spikar eller anna) trur eg ikkje ho har,» sa Ola, «men ho har kjørtelsvulst i halskroken, og dei kan lækjast med alunvatn.» Alkunvatn vart brukt, og kua vart frisk att og levde to-tre år baketter.

Enda Ola var blind, var det merkjeleg korleis han kunne rettleie seg sjølv og veta kor han fôr, når han var ute og gjekk på ymse kantar i bygda. Såleis hadde han ein gong skyss med ein bygdamann som ville skysse Ola frå Forr og til heimen hans. Da dei hadde kjørt vel så ein halv time, sa mannen: «Nå Ola, veit du vel itte kår oss er?» «Jau» sa han, «nå er oss like ved Oden og kjæm trast burtpå brua.» Og akkurt på den flekken var dei.

Ola Ånnhaugen døde 1890 mellom 70 og 80 år gamal.

 

Frå Fronsbygdin 1930

0 Comments

Submit a Comment